[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Stranded av Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stranded
Studioalbum av Roxy Music
Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1973
Innspelt September 1973
Studio AIR Studios, London
Sjanger
Lengd 41:06
Selskap
Produsent Chris Thomas
Roxy Music-kronologi 
For Your Pleasure
(1973)
Stranded Country Life
(1974)


Singlar frå Stranded
  1. «Street Life»
    Utgjeve: November 1973[1]

Stranded er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i november 1973 på Island Records i Storbritannia og Atco Records i USA.[1]

Det var det første Roxy Music-albumet der Bryan Ferry ikkje var den einaste låtskrivaren, sidan Andy Mackay og gitarist Phil Manzanera òg bidrog til albumet. Albumet var det første utan Brian Eno, som hadde gått frå gruppa etter For Your Pleasure.

Stranded nådde førsteplassen på den britiske albumlista. Songen «Street Life» vart gjeven ut som singel og nådde niandeplassen på singellista i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 15. plassen på VG-lista, medan det i USA berre nådde 186. plassen.

På omslaget er det bilete av den dåverande kjærasten til Ferry og Playmate of the Year, Marilyn Cole. Biletet vart teken av Karl Stoecker og styla av Antony Price.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB+[3]
OverdoseA+[4]
Pitchfork9.2/10[5]
Q3/5 stars[6]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[7]
Select4/5[8]
Spin Alternative Record Guide9/10[9]

I ei melding for Rolling Stone i 1974 skreiv Paul Gambaccini: «Roxy Music kan ikkje lenger ignorerast av amerikanarane. Dei sel kanskje ikkje like godt som dei har gjort i Storbritannia, der Stranded gjekk heilt til topps, men den kunastnariske framføringa deira må anerkjennast. Stranded er ei veltalande erklæring om at det framleis finst grenser som amerikansk pop ikkje har utforska.»[10]

I ei melding for Creem i 1974 meinte Robert Christgau at Ferry var ein «ambisiøs» men «skrå» artist og siterte New York-kunstnaren Sidney Tillem si avhandling om figurativ kunst, «Aspects and Prospects», i konklusjonen av meldinga si for albumet: «Med moral i kunstsamanheng meiner eg ein stil som utfører den djupare sosiale og psykologiske funksjonen til form, i motsetnad til eit særskild aspekt av forfengelegheit kalla 'smak'. Pop-sensibilitet, pop-medvit, pop-sentimentalitet har vore uvurderlege for å avklare provinsialisme og nostalgi som faktisk gjennomsyrer ein kultur som har vore stolte av seg sjølv av å vere sofistikerte. Men dei har ikkje ført til ein ny kunst, berre fordi den naudsynte idealismen har mangla.»[11]

I ei positiv melding skreiv AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine om albumet: «Leia av Bryan Ferry gjekk Roxy mot relativt streit territorium, og la større vekt på piano og tunge gitarar. Sjølv utan bølgjene av synthesizeren til Eno, er musikken til Roxy stundom forstyrrande, men i denne nye inkarnasjonen føretrekk dei likevel meir avmålt materiale.»[2]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Street Life»3:29
2.«Just Like You»3:36
3.«Amazona» (Ferry, Phil Manzanera)4:16
4.«Psalm»8:04
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Serenade»2:59
2.«A Song for Europe» (Ferry, Andy Mackay)5:46
3.«Mother of Pearl»6:52
4.«Sunset»6:04

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music

Andre medverkande

  • Chris Laurence – kontrabass på «Sunset»
  • The London Welsh Male Choir – kor på «Psalm»
  • Chris Thomas – produksjon, bass på «Street Life»[12] (uncredited)
  • Nicolas de Ville – design
  • Karl Stoecker – fotografi

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973–75) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[13] 33
Tyske album (Offizielle Top 100)[14] 39
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[15] 37
Norske album (VG-lista)[16] 14
Britiske album (OCC)[17] 1
US Billboard 200[18] 186

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[19] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 930. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. 2,0 2,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Stranded – Roxy Music». AllMusic. Henta 18. juli 2021. 
  3. Christgau, Robert (1981). «R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Second Card». Overdose. Henta 18. juli 2021 – via tomhull.com. 
  5. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: Roxy Music: Roxy Music: The Complete Studio Recordings 1972–1982». Pitchfork. Henta 18. juli 2021. 
  6. «Roxy Music: Stranded». Q (156): 122–23. September 1999. 
  7. Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  8. «Roxy Music: Roxy Music / For Your Pleasure / Stranded». Select (112). October 1999. 
  9. Sheffield, Rob (1995). «Roxy Music». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 336–38. ISBN 0-679-75574-8. 
  10. Gambaccini, Paul (23. mai 1974). «Stranded». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. mars 2014. Henta 18. juli 2021. 
  11. Christgau, Robert (September 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 18. juli 2021. 
  12. Cavanagh, David (14. desember 2012). «The Making Of… Roxy Music's 'Street Life'». Uncut. Henta 11. oktober 2016. 
  13. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  14. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – Stranded" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 17. juli 2021.
  15. "Roxy Music – Stranded". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  16. "Roxy Music – Stranded". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  17. "19731202 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. juli 2021.
  18. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media. Henta 17. juli 2021.
  19. «British album salstrofé – Roxy Music – Stranded». British Phonographic Industry. Henta 17. juli 2021.  Enter Stranded in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go