[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Like a Hurricane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Like a Hurricane
Singel av Neil Young & Crazy Horse
frå albumet American Stars 'N Bars
B-side

«Hold Back the Tears»

Utgjeve 8. august 1977
Innspelt november 1975
Sjanger Rock
Lengd 8:20
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs
Tim Mulligan
Neil Young-kronologi 
«Hey Babe»
(1977)
Like a Hurricane «Comes a Time»
(1977)


«Like a Hurricane» er ein song skriven av Neil Young i 1975 og først gjeven ut på albumet American Stars 'N Bars i 1977.

Songen vart skriven i juli 1975 med venen og naboen i La Honda, Taylor Phelps i baksetet på bilen hans, då Neil Young ikkje kunne synge på grunn av ein operasjon på stemmebanda. Songen er driven fram av den aggressive gitaren som er varemerket til Young, og har vorte spelt på nesten alle turneane til Young etter han kom ut. Songen finst òg på samlealbuma Decade og Greatest Hits og på konsertalbuma Live Rust, Weld og Unplugged. Den sistnemnde utgåva vert spelt på eit pumpeorgel.

Ei forkorta utgåve av «Like a Hurricane» vart gjeven ut som singel den 8. august 1977, med «Hold Back the Tears» som B-side.[1]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]