[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

For Your Pleasure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Your Pleasure
Studioalbum av Roxy Music
Språk engelsk
Utgjeve 23. mars 1973
Innspelt Februar 1973
Studio AIR Studios, London, England
Sjanger
Lengd 42:16
Selskap
Produsent
Roxy Music-kronologi 
Roxy Music
(1972)
For Your Pleasure Stranded
(1973)


Singlar frå For Your Pleasure
  1. «Do the Strand»
    Utgjeve: Juli 1973[1]

For Your Pleasure er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i 1973 på Island Records. Det var det siste albumet deira med synthesizermusikaren og spesialisten Brian Eno, som sidan vart kjend som soloartist og produsent.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Gruppa var lengre i studio med dette albumet enn debutplata deira, og kombinerte sterke songar av Bryan Ferry med meir utførlege produksjonsteknikkar. Til dømes tonar songen «In Every Dream Home a Heartache» (Ferry sin skumle ode til ei oppblåsbar dukke) ut i avslutninga, før han tonar inn med alle instrumenta køyrd gjennom phasing-effekt. Tittelsporet tonar ut i ei utførleg blanding av bandsløyfeeffektar. Eno kommenterte at den skumle «Bogus Man» hadde likskapar til samtidige songar av krautrock-gruppa Can.[2]

Av dei meir livlege songane på albumet finn ein «Do the Strand» og «Editions of You» som begge var baserte på iherdige rytmar, liknande den første singelen til bandet, «Virginia Plain». «Do the Strand» har vorte kalla den arketypiske Roxy Music-songen, medan «Editions of You» var kjend for ei rekkje fengande soloar av Andy Mackay (saksofon), Eno (VCS3) og Phil Manzanera (gitar).

Brian Eno er godt merkbar i den siste songen på albumet, «For Your Pleasure», og gjer han ulik nokon annan song på albumet. Songen endar med stemma til Judi Dench som seier «You don't ask. You don't ask why», mellom klipp frå opningsvokalen ('Well, how are you?') frå «Chance Meeting» frå det første Roxy Music-albumet. Eit konsertopptak av songen vart nytta i 1975 som B-side til «Both Ends Burning».

På det originale britiske plateomslaget står det «Produsert av Chris Thomas og Roxy Music» for heile albumet, men på etiketten står dette berre på side ein, medan det på side to står «Produsert av John Anthony og Roxy Music». Forskjellige seinare utgåver av albumet har hatt forvirrande variantar av denne informasjonen.

Marknadsføring

[endre | endre wikiteksten]

For Your Pleasure kom opphavleg ut på Island Records i Storbritannia og Warner Bros. Records i USA.[1] Det har sidan blitt gjeve ut på ny på Polydor Records i Storbritannia og Atco Records og Reprise Records i USA.[1]

Som med debutalbumet til Roxy Music vart det ikkje gjeven ut singlar frå For Your Pleasure då det kom ut. «Pyjamarama» med «The Pride and the Pain» på baksida, som ikkje var med på albumet, vart gjeven ut i Storbritannia før albuemt kom ut og nådde tiandeplassen på den britiske singellista. «Do the Strand» med «Editions of You» som B-side vart gjeven ut i USA og Europa og omsider i Storbritannia i 1978 for å marknadsføre Roxy Music sitt Greatest Hits, som kom ut i desember året før.

Biletet på plateomslaget vart teken av Karl Stoecker og syner kjærasten til Bryan Ferry på den tida, songaren og modellen Amanda Lear, som seinare vart ein muse for Salvador Dalí.[3] Dei originale trykka av albumet hadde eit dobbeltfalsa omslag med bilete av alle dei fem bandmedlemmane som poserer med gitarar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[4]
Christgau's Record GuideB[5]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[6]
Pitchfork10/10 (2012)[7]
9.5/10 (2019)[8]
Q4/5 stars[9]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[10]
Select5/5[11]
Spin Alternative Record Guide6/10[12]

For Your Pleasure nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia i 1973 og 15. plassen i Noreg. Paul Gambaccini i Rolling Stone gav albumet ei lunken melding då det kom ut og skreiv at «det meste av For Your Pleasure er anten over oss, under oss, eller på ein heilt annan planet.»[13]

I 2000 plasserte Q albumet på 33. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[14] Det vart plassert på 87. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[15] Morrissey sa ein gong til britisk presse at han «berre kunne kome på eitt verkeleg bra britisk album: For Your Pleasure

I 2003 plasserte Rolling Stone det på 394. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[16] og på den oppdaterte lista frå 2012 var det gått ned to plassar til 396. plassen. På den nye lista frå 2020 vart det flytta opp til 351. plassen.[17][18] NME rangerte For Your Pleasure på 88. plassen på si liste frå 2013 over dei 500 beste albuma gjennom tidene og kalla det «toppen av engelsk kunstrock[19] Classic Rock tok det med blant det dei rekna som ti «essensielle» glamrock-album.[20] Happy Mag tok med albumet på lista si over ti plater som introduserer deg for kunstrock-verda og kalla det «eit kunstpop, glamrock-meisterverk.»[21]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Do the Strand»4:04
2.«Beauty Queen»4:41
3.«Strictly Confidential»3:48
4.«Editions of You»3:51
5.«In Every Dream Home a Heartache»5:29
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Bogus Man»9:20
2.«Grey Lagoons»4:13
3.«For Your Pleasure»6:51

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music

Andre medverkande

Teknisk

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[22] 41
Austerrikske album (Ö3 Austria)[23] 9
Tyske album (Offizielle Top 100)[24] 28
Norske album (VG-lista)[25] 15
Britiske album (OCC)[26] 4
US Billboard 200[27] 193

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[28] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 930. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. Stump, Paul (1998). Unknown Pleasures: A Cultural Biography of Roxy Music. Quartet (Storbritannia)/Thunder's Mouth (USA). s. 82. ISBN 1-56025-212-X. 
  3. March, Nick (3. januar 2013). «Bryan Ferry retrospective at Dubai museum showcases his art and music». The National. Henta 18. juli 2021. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «For Your Pleasure – Roxy Music». AllMusic. Henta 17. juli 2021. 
  5. Christgau, Robert (1981). «Roxy Music: For Your Pleasure». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 17. juli 2021. 
  6. Larkin, Colin (2011). «Roxy Music». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  7. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: Roxy Music: The Complete Studio Recordings 1972–1982». Pitchfork. Henta 16. august 2012. 
  8. Tannenbaum, Rob (18. juli 2021). «Roxy Music: For Your Pleasure». Pitchfork. Henta 18. juli 2021. 
  9. «Roxy Music: For Your Pleasure». Q (156): 122–23. September 1999. 
  10. Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  11. «Roxy Music: Roxy Music / For Your Pleasure / Stranded». Select (112). October 1999. 
  12. Sheffield, Rob (1995). «Roxy Music». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 336–38. ISBN 0-679-75574-8. 
  13. Gambaccini, Paul (5. juli 1973). «For Your Pleasure». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. mai 2013. Henta 18. juli 2021. 
  14. «The 100 Greatest British Albums Ever! – Roxy Music: For Your Pleasure». Q (165): 75. June 2000. 
  15. Top 100 Albums of the 1970s, Pitchfork Media, 6-23-04, henta 31. mars 2011.
  16. «Rolling Stone – The 500 Greatest Albums of All Time (2003)». Genius. 
  17. «Rolling Stone – The 500 Greatest Albums of All Time (2012)» – via genius.com. 
  18. Stone, Rolling (18. juli 2021). «The 500 Greatest Albums of All Time». 
  19. Barker, Emily (25. oktober 2013). «The 500 Greatest Albums Of All Time: 100–1». NME. Henta 18. juli 2021. 
  20. Fortnam, Ian (21. august 2016). «The 10 Essential Glam Rock Albums». Classic Rock. Arkivert frå originalen 27. mars 2019. Henta 5. oktober 2019. 
  21. Saunders, Luke (12. mars 2020). «10 records to introduce you to the world of art-rock». Happy Mag. Henta 18. juli 2021. 
  22. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  23. "Roxy Music - For Your Pleasure" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  24. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – For Your Pleasure" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  25. "Roxy Music – For Your Pleasure". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  26. "19730408 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  27. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media.
  28. «British album salstrofé – Roxy Music – For Your Pleasure». British Phonographic Industry.  Enter For Your Pleasure in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go