[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Love Is the Drug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love Is the Drug
singel av Roxy Music
frå albumet Siren
B-side

«Sultanesque»

Utgjeve September 1975
Innspelt Sommaren 1975
Sjanger Kunstrock
Lengd 3:58
Selskap EG Records
Komponist Andy Mackay
Tekstforfattar Bryan Ferry
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry/Andy Mackay
Produsent Chris Thomas
Roxy Music-kronologi 
«The Thrill of It All»
(1974)
Love Is the Drug «Both Ends Burning»
(1975)


«Love Is the Drug» er ein song frå 1975 av Roxy Music frå albumet Siren. Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen i Storbritannia. Han vart òg den første hitten deira i USA, der han nådde 30. plass tidleg i 1976.

Songen starta som ein instrumental av Andy Mackay, men Bryan Ferry skreiv så tekst til songen. Ferry sa at songen kom til han då han var ute og sparka lauv i Hyde Park.

«Love Is the Drug» står på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. Ingen andre singlar av Roxy Music nådde like høgt på lista i USA, medan han i Storbritannia vart forbigått av John Lennon sin «Jealous Guy».

B-sida i dei fleste land var «Sultanesque», ein instrumental som ikkje finst på noko album, skriven av Ferry.

Lydklippet i starten av songen er henta frå opningsscenen i filmen Duel , der Dennis Weaver går til garasjen sin og går inn i bilen.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1975–1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[1] 18
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] 15
Canada Top Singles (RPM)[3] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[4] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 9
New Zealand (RIANZ)[6] 24
UK Singles (Official Charts Company)[7] 2
US Billboard Hot 100[8] 30
US Cash Box Top 100[9] 24
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[10] 39
Liste (1996)1 Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[11] 33

1Remix

Grace Jones-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
Love Is the Drug
Singel av Grace Jones
frå albumet Warm Leatherette
B-side

«Sinning»

Utgjeve 1980
Sjanger Pop, rock
Lengd 4:40
Selskap Island Records WIP 6605
Komponist Andy Mackay
Tekstforfattar Bryan Ferry
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry, Andy Mackay
Grace Jones-kronologi 
«A Rolling Stone»
(1980)
Love Is the Drug «Private Life»
(1980)


Grace Jones spelte inn «Love Is the Drug» for albumet Warm Leatherette i 1980 og songen vart gjeven ut som singel. Han nådde ikkje singellista, men ein remix av songen kom ut i 1986 i samband med samlinga Island Life og vart då ein liten hitt i Storbritannia med ein 35. plass.

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1986) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[12] 57
Irland (IRMA)[13] 18
UK Singles (Official Charts Company)[14] 35

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Andre som har spelt songen er Divinyls, Kylie Minogue, The Hot Rats, Ali Campbell og Carla Gugino og Oscar Isaac.

  1. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Chart Positions Pre 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 18. juni 2014. 
  2. "Ultratop.be – Roxy Music – Love Is The Drug" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  3. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  4. "Nederlandse Top 40 – week 17, 1976" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  5. "Dutchcharts.nl – Roxy Music – Love Is The Drug" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  6. "Charts.org.nz – Roxy Music – Love Is The Drug". Top 40 Singles. Hung Medien.
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  8. «Billboard Hot 100» (PDF). Billboard: 70. 20. mars 1976. ISSN 0006-2510. 
  9. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending MARCH 13, 1976». Cash Box. Arkivert frå originalen 5. september 2012. 
  10. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – Love Is The Drug". GfK Entertainment Charts. Henta 19. juli 2021. For å sjå plasseringa, klikk "TITEL VON Roxy Music"
  11. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  12. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  13. "The Irish Charts – Search Results – Love Is the Drug". Irish Singles Chart.
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]