Tor André Johnsen
Tor André Johnsen | |||
Fødd | 25. november 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Forsvarets høyskole sjefskurs | ||
Ektefelle | Svetlana K. Johnsen | ||
Alle verv |
|
Tor André Johnsen (fødd 25. november 1968) er ein norsk politikar for Frp frå Ringsaker som har representert Hedmark på Stortinget sidan 2013. Dei tre førre stortingsperiodane før han vart vald inn var han ein av vararepresentantane til tinget.[1]
Johnsen sat i Hedmark fylkesting frå 1999 til 2013 og var gruppeleiar frå 2011.[2] Han har sete i kommunestyret i både Ringsaker, Hamar og Stange.[3]
Han var medlem i Arbeids- og sosialkomitéen frå 2013 til 2015.
Johnsen ser på seg som plaga av el-overfølsemd og han er medlem i Foreningen for el-overfølsomme.[4]
Johnsen vart i 2015 tilrådd av Politiets tryggingsteneste til å kutta kontakten med russiske diplomatar som PST såg på som russiske etterretningsagentar. Johnsen uttalte at han ikkje hadde til hensikt å følgja oppmodinga frå PST.[5]
Etter stortingsvalet i 2017 fekk Johnsen refs av dåverande statsminister Erna Solberg for å ha delt ein artikkel frå den innvandringsfiendtlege nettstaden 24avisen.com, der ein 17-årig mørkhuda AUF-er vart hetsa.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tor André Johnsen» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2013.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ Hedmark Fylke: Tor André Johnsen (gruppeleder), arkivert frå originalen 29. oktober 2013, henta 28. oktober 2013
- ↑ Ringsaker Blad, 14.11.12: Tor Andre Johnsen rykker mot Stortinget
- ↑ «Stortingsrepresentant ut mot mobil og trådløst nett: Frp-topp bruker «metallskjorte» for å unngå stråling», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 13. mars 2022
- ↑ «- PST ba Frp-representant trappe ned Russland-kontakt», dagbladet.no (på norsk), 23. juni 2015, henta 13. mars 2022
- ↑ Mogen, Trym (14. september 2017), «AUF krever beklagelse fra Frp-stortingspolitiker: - Dette er virkelig å gå over streken», dagbladet.no (på norsk), henta 13. mars 2022