[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Martin Kolberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Kolberg

Fødd24. februar 1949 (75 år)
Lier kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MedlemFellesforbundet
Arbeidarane si ungdomsfylking
Landsorganisasjonen
Alle verv

Martin Arvid Kolberg (fødd 24. februar 1949 i Lier) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet i Buskerud. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2001 til 2009.

Martin Kolberg starta på studiar til elektroingeniør ved Oslo tekniske skole i 1970-åra, jobba fire år ved Drammen Kabelfabrikk og er medlem av Fellesforbundet.

Heilt frå starten av sin politiske karriere i Arbeidaranes Ungdomsfylking og Arbeiderpartiet i Buskerud har Kolberg i periodar hatt eit nært samarbeid med Thorbjørn Jagland. Kolberg var sekretær i AUF 1977–1981 under leiarperiode til Jagland, og før sentralstyreperioden arbeidde begge lokalt mot EF-medlemskap gjennom Buskerud AUF i 1972.

Frå 1995 til 1996 var Kolberg statssekretær ved statsministerens kontor under Gro Harlem Brundtland og vidare i Forsvarsdepartementet til 1997.

Stortingsrepresentant og partisekretær

[endre | endre wikiteksten]

I perioden mellom 2001 og 2005 var han første vararepresentant på Stortinget for Arbeidarpartiet i Buskerud, og i perioden 1977–1981 andre vara. Kolberg møtte fast i dagane mellom 1. og 19. oktober 2001, før Thorbjørn Jagland returnerte til nasjonalforsamlinga frå embetet som utanriksminister etter valet den hausten.

Mellom 2001 til 2009 var Kolberg partisekretær i Arbeidarpartiet. Han gjekk av som partisekretær på landsmøtet i 2009, då han stilte til val som Buskerud førstekandidaten til Arbeidarpartiet ved stortingsvalet 2009. Han vart vald inn, og 30. september 2009 valde stortingsgruppa han til parlamentarisk nestleiar. Han har elles vore andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Som partisekretær var Kolberg oppteken av å vidareutvikle ein fast ideologi for Arbeidarpartiet, og å styrke forholdet til fagrørsla.[1] Han er ein ivrig skiløpar, er gift og har tre born.

  1. «Partisekretæren». Dagbladet. 23. april 2007. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Martin Kolberg