Christina Ramsøy
Christina Ramsøy | |||
| |||
Fødd | 4. november 1986 (38 år) Ogndal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Leiar i Senterungdommen 2007-2009 | ||
Føregangar | Erlend Fuglum | ||
Etterfylgjar | Johannes Rindal | ||
Alle verv |
|
Christina Nilsson Ramsøy (fødd 4. november 1986 i Ogndal i Steinkjer kommune) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og møtte fast for Lars Peder Brekk frå 1. oktober 2009.
Ramsøy var leiar i Steinkjer Senterungdom 2002–2004, og leiar i Nord-Trøndelag Senterungdom 2003–2007. I tillegg var ho medlem av sentralstyret til Senterungdommen 2006–2007, og leiar der 2007–2009. Ramsøy vart vald til leiar ved ei kampavstemming mot Tone Ravnås frå Rogaland.[1][2]
Ramsøy var medlem av Steinkjer kommunestyre 2007–2008 og medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho gjekk allmennfagleg linje ved Steinkjer VGS 2002–2005, studerte politisk økonomi ved NTNU 2005–2006, og studerte PR og kommunikasjon ved BI Trondheim 2006–2007.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 - medlem i Familie- og kulturkomiteen
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Lederstrid blant Sp-ungdom». Senterpartiet. 1. november 2007.
- ↑ «Nordtrønder blir leder for Senterungdommen». Adresseavisen. 4. november 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Christina Ramsøy hos Stortinget
- Bloggen til Christina Ramsøy Arkivert 2009-12-25 ved Wayback Machine.