[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Yazata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parsismen
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

I parsismen er ein yazata ein engel, eller meir presist eit guddommeleg vesen. Ahura Mazda skapa yazataene for å hjelpa han med kampen imot Ahriman og demonane hans. Yazatane hjelper menneske å skira og lyfta seg. Med hjelp av yazataene kan ein vinna over demonane og det vonde i seg sjølv. Yazataene leier ein alltid til det rette valet, og forsterkar ein for å kjempa imot Ahriman, for Ahura Mazda og den gode.

Mange parsarar trur også at ein som gjev offer til yazataene kan få godviljen deira, som gjev velstand og trivnad.

Dei viktigaste yazataene namna i gathaene er Atar, Mithra, Rashnu, Sraosha, og Verethraghna. Ein trur at dei var gudar før parsismen si tid, og mange av dei blei seinare persongjort til halvgudar igjen. I seinare tid blei også nokre av dei meste populære persiske guddommar, som Anahita, tilpassa til parsismen som yazataer.