[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

My Name Is Buddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Name is Buddy
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve 6. mars 2007
Sjanger Americana, folk, country, countryfolk, bluegrass, blues, honkytonk
Selskap Nonesuch
Produsent Ry Cooder
Ry Cooder-kronologi 
Chávez Ravine
(2005)
My Name is Buddy I, Flathead
(2008)


My Name Is Buddy: Another Record by Ry Cooder er det tolvte studioalbumet til Ry Cooder. Det er det andre samfunnspolitiske konseptalbumet hans. Cooder har skildra det som det andre i ein trilogi som byrja med Chávez Ravine og avslutta med I, Flathead.[1] Albumet kom innpakka i eit lite hefte som inneheld ei kort soge og teikningar for kvar song. Både songane og soga fortel ei soge sett frå synspunktet til personane Buddy Red Cat, Lefty Mouse og Reverend Tom Toad. Notisane i omslaget ber lyttaren/lesaren om å bi med dei på «ei reise gjennom tid og rom i arbeidarrørsledagane, store sjefar, mislukka gardar, streikar, firmapoliti, slitne byar, uteliggjarar og tog... eit Amerika frå tidlegare tider.»

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]

My Name is Buddy fekk generelt positive meldingar i musikkpressa og fekk 76 av 100 på Metacritic[3] Albumet vart særskild godt motteken i visemiljøet og hamna på framsida av omslaget til magasinet Sing Out! og vart nominert til Grammyprisen for beste moderne folkealbum.[4]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Suitcase in My Hand»Ry Cooder2:54
2.«Cat and Mouse»Ry Cooder5:02
3.«Strike!»Ry Cooder5:07
4.«J. Edgar»Ry Cooder2:37
5.«Footprints in the Snow»Bill Monroe med tekst av Bill Monroe3:07
6.«Sundown Town»Ry Cooder, Joachim Cooder2:57
7.«Green Dog»Ry Cooder7:33
8.«The Dying Truck Driver»Ry Cooder4:56
9.«Christmas in Southgate»Ry Cooder3:27
10.«Hank Williams»Ry Cooder4:09
11.«Red Cat Till I Die»Ry Cooder3:08
12.«Three Chords and the Truth»Ry Cooder, Joachim Cooder5:02
13.«My Name Is Buddy 3:12»Ry Cooder3:12
14.«One Cat, One Vote, One Beer»Ry Cooder, Joachim Cooder, Jared Smith4:15
15.«Cardboard Avenue»Ry Cooder4:33
16.«Farm Girl»Ry Cooder3:54
17.«There's a Bright Side Somewhere»Trad. med ny tekst av Ry Cooder4:49

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Spelt inn av Don Smith i Sound City Studios i Van Nuys i California
  • Ekstra lydspor spelt inn av Sunny D. Levine i Orange Stella Studio i Santa Monica i California og i Beacon i New York; Martin Pradler i Chateau Martin i Los Angeles
  • Miksa av Don Smith og Martin Pradler i Sound City Studios
  • Mastering av Martin Pradler
  • Produksjonsassistent: Aisha Ayers
  • Illustrasjonar av Vincent Valdez
  • Fotografi av Susan Titelman
  • Design: Martin Pradler og Ry Cooder

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2007) Plassering
Den sveitsiske albumlista 40
UK Albums Chart 41
U.S. Billboard 200 Albums 168
  1. John Kruth, «Three (or Four) Chords and the Truth», Sing Out!, 51:3, 2007
  2. Thom Jurek, «Review: My Name is Buddy», Allmusic
  3. "Ry Cooder - My Name is BuddyMetacritic
  4. 50th Annual Grammy Awards Nominations List at grammy.com