[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Paddy Moloney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paddy Moloney

Fødd1. august 1938
FødestadDonnycarney i Dublin i Irland
Død12. oktober 2021 (83 år)
DødsstadDublin
OpphavIrland
AktivSidan tidleg 1960-åra
SjangerTradisjonell irsk musikk
InstrumentUilleann pipes, tinnfløyte, trekkspel, bodhrán
Tilknytte artistarCeoltóirí Chualann, The Chieftains
PlateselskapMed The Chieftains: Claddagh Records, Shanachie Records, Mercury Records, RCA Victor, Hear Music
Verka somMusikar, komponist, produsent
BornAedin Moloney
PrisarOhtli Award

Paddy Moloney (gælisk Pádraig Ó Maoldomhnaigh, 1. august 193812. oktober 2021) var ein irsk musikar, komponist og produsent, som var med å skipe og var leiar i den irske gruppa The Chieftains.[1] Han spelte på alle albuma deira.

Paddy Moloney var fødd i Donnycarney i Dublin i Irland. Då han var seks kjøpte mor hans ei tinnfløyte til han, ogdå han var åtte byrja han å spela uilleann pipes, irsk sekkepipe. Han lærte etterkvart òg å spela bodhrán og knappetrekkspel.

Seint i 1950-åra møtte han Seán Ó Riada og vart med i gruppa hans, Ceoltóirí Chualann, tidleg i 1960-åra.

I lag med Sean Potts og Michael Tubridy skipa Paddy Moloney det tradisjonelle irske bandet The Chieftains i Dublin i november 1962. Som bandleiar var han den fremste komponisten og arrangøren deira, og skreiv musikk for filmar som Treasure Island, The Grey Fox, Braveheart, Gangs of New York og Stanley Kubrick-filmen Barry Lyndon.

Paddy Moloney og The Chieftains 2010

Moloney arbeidde òg som studiomusikar for Mike Oldfield, The Muppets, Mick Jagger,[2] Paul McCartney, Sting, Don Henley og Stevie Wonder.

Utvald diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Paddy Moloney and others - The Drones and Chanters: Irish Pipering (1971)
  • Paddy Moloney og Sean Potts - Tin Whistles (1974)
  • Silent Night: A Christmas in Rome (1998)
  • John Montague & Paddy Moloney - The Wild Dog Rose (2011)
  1. Hinckley, David (16. mars 1997). «Beyond Tara's Halls The Nomadic Chieftains Fuel The Boom in Irish Music». The Daily News. [daud lenkje]
  2. Gary Moore«Celtic Champs Chieftains Take to the Road». Henta 16. desember 2010.