[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Herreklubben Quodlibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Prospect Af Bergen Optaget imod Westen i nerheden af Houkeland» av Johan F.L. Dreier frå 1831 kan gje ein peikepinn om korleis Bergen såg ut i den tida Quodlibet fanst. Årstad hovudgard ligg nede til høgre i bilete, Kronstad gard til venstre.

Quodlibet var ein vennekrins eller herreklubb starta i Bergen 11. februar 1813. I tillegg til uhøgtideleg selskapelig samvær fungerte klubben som diskusjonsforum der tema gjerne var litteratur og politikk. Fram til 1814 vart det halde fleire debattmøte over sjølvstendespørsmålet og planane om ei norsk grunnlov.

Klubben hadde frå starten av ni medlemmar; Georg Bull, Christopher Benedict Bøgh, Wilhelm F.K. Christie, Edvard Hagerup, Johan Arnoldus von Westen Kahrs, Hans Cornelius Klingberg, Peter Motzfeldt, Jonas Rein og Lyder Sagen. På eit seinare tidspunkt fekk han to medlemmar til; Johan Budtz og Werner; ein yngre bror av Christie.

Dei første åra hadde klubben møter ein gong i veka. Det vart ført protokoll over alle møta, men berre den siste protokollen finst kvar.

Siste kjende møte var 9. mai 1836.

Av medlemmane i klubben var Christie og Rein medlemmar av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, seinare same haust vart Hagerup vald til Stortinget i 1814.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]