[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Hans Haslum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Haslum

Fødd8. november 1789
Bærum kommune
Død5. juli 1875 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Hans Haslum (8. november 17895. juli 1875) var ein norsk eidsvollsmann som også var soldat, gardbrukar, lensmann, postopnar og ordførar.

Haslum var frå Bærum i Akershus, der far hans var gardbrukar. Han vart dragonkorporal i 1805. 1807 gjekk han over i artillerikorpset, og var i 1814 sersjant ved 10. artillerikompani. Han deltok i krigen mot Sverige hausten 1814, var med i kampane ved Kjølberg bru.

Tidlegare i 1814 var han med i riksforsamlingaEidsvoll som representant for artillerikorpset.

I 1816 avlutta Haslum militærtenesta, då han vart gardbrukar på bruket Nordre Ås i Ås i Akershus. Han var mellombels lensmann 1821-23 og ordførar 1838-42, den fyrste ordføraren i Ås. Året etter, 1843, vart han gardbrukar på Oppsal i Kråkstad i Akershus. Han busette seg i 1848 hos ein son i Aker. Frå 1857 var han oppsynsmann for Eidsvollsbygninga med ei løn på kr 600,-. I 1864 var Haslum ein av fire eidsvollsmenn som på Eidsvoll tok del i feiringa av 17. mai 1814.

Han døydde på Eidsvold Værk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]