[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Helene Uri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene Uri

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1964 (59 år)
Stockholm
Yrke lingvist, filolog, skribent, professor
Medlem av Den norske Forfatterforening
Helene Uri på Commons

Helene Uri (fødd 11. desember 1964) er ein norsk forfattar og språkforskar som har gjeve ut faglitteratur, barne- og ungdomsbøker og romanar.

Helene Uri er fødd i Stockholm. Ho fekk doktorgrad i lingvistikk ved Universitetet i Oslo i 1996. Uri debuterte skjønnlitterært i 1995 med ungdomsromanen Anna på fredag, ei Sofies verden-inspirert framstilling av språkvitskaplege tematikkar. Uri fekk Kulturdepartementets fagbokpris for Den store faktaboka om språk i 1998. I 2018 fekk ho Brageprisen i klassa Faglitteratur/Sakprosa for Hvem sa hva?

Uri var førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske fag ved Universitetet i Oslo frå 1998 til 2005. I 2008 blei ho vald inn i Det Norske Akademi. Uri er også medlem av styret til Språkrådet.

Verkliste (ufullstendig)

[endre | endre wikiteksten]
  • 1995 Anna på fredag (ungdomsroman)
  • 1998 Den store faktaboka om språk (fagbok for barn)
  • 2001 Dyp rød 315 (roman)
  • 2002 Honningtunger (roman)
  • 2003 Engel av nylon (roman)
  • 2003 Dråpen som fikk alt til å skje (barnebok)
  • 2004 Hva er språk?
  • 2005 Sommeren vi kledde oss nakne (ungdomsroman med Arne Svingen)
  • 2005 (Nesten) alt du trenger å vite om språk (redaktør)
  • 2005 Quizleis (med Per Egil Hegge og Sylfest Lomheim)
  • 2006 Perler for svin (bildebok illustrert av Ragnar Aalbu)
  • 2006 De beste blant oss (roman)
  • 2009 Den rettferdige (roman)
  • 2011 Kjerringer (roman)
  • 2013 "Rydde ut" (roman)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]