Haskeir
Haskeir Lokalt namn Eilean Hasgeir | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°48′N 7°48′W / 57.8°N 7.8°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 0,15 km²
|
Høgaste punkt | 37,5 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Haskeir (skotsk-gælisk Eilean Hasgeir), òg kalla Great Haskeir (skotsk-gælisk Hasgeir Mhòr) er ei fjerntliggande, vêrhard øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg 13 km vest-nordvest for North Uist. 1 km mot sørvest ligg skjeret Haskeir Eagach som består av fem staurar. 40 km lenger nordvest ligg øygruppa St Kilda.
Det er ingen ankringsplassar på øya og landgang på dei bratte klippene kan vere vanskeleg sjølv i rolege vêrforhold. Det er fleire naturlege bogar og høge klipper på nordsida av øya, som vert kalla Castle Cliff. Fleire skjer ligg like nord og like sør for øya. Det er lite vegetasjon på øya.[1]
Mykje av berggrunnen er gneis
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skilðar eller Skilðir (tyder «skjold») kan ha vore det norrøne namnet på Haskeir.[2][3] Skildar var namnet på øya på eit kart av Nicholas de Nicolay frå 1583. Det er forskjellige teoriar på at dette namnet har vorte overført til dei nærliggande St Kilda, som ein elles ikkje kjenner namneopphavet til.[4][5]
Det står eit fyr på øya som vart bygt i 1997 og restane etter ei bu, som truleg vart bygt av fiskarar frå Monach Islands.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Haskeir (til høgre) og Haskeir Eagach frå Griminish Point på North Uist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Haskeir» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Maclean, Charles (1977) Island on the Edge of the World: the Story of St. Kilda Canongate. ISBN 0903937417. s. 33.
- ↑ Fleming, Andrew (2005) St. Kilda and the Wider World: Tales of an Iconic Island. Windgather Press. ISBN 1905119003. s. 27.
- ↑ Quine, David (2000) St Kilda. Grantown-on-Spey. Colin Baxter Island Guides. ISBN 1841070084. s. 21.
- ↑ de Nicolay, Nicholas (1583) Vraye & exacte description Hydrographique des costes maritimes d'Escosse & des Isles Orchades Hebrides avec partie d'Angleterre & d'Irlande servant a la navigation.[daud lenkje] Edinburgh. National Library of Scotland.