Muck i Skottland
Muck Lokalt namn ⓘ | |
---|---|
Port Mor på Muck | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°50′N 6°15′W / 56.83°N 6.25°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 5,59 km²
|
Høgaste punkt | Beinn Airein (137 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute |
Største busetnad | Port Mòr
|
Demografi | |
Folketal | 30 (2001) |
Folketettleik | 5,4 /km² |
Muck (skotsk gælisk Eilean nam Muc) er ei øy i Hebridane på vestkysten av Skottland. Muck er den minste av dei fire større øyane i øygruppa Small Isles, med eit areal på 5,59 km². Øya ligg sørvest for Eigg, nordvest for halvøya Ardnamurchan og nordaust for Coll. Det høgaste punktet på øya er Beinn Airein sørvest på øya, 137 meter over havet.
Ved folketeljinga i 2001 var det registrert 30 fastbuande på øya. Dei aller fleste av desse budde i landsbyen Port Mòr søraust på øya. Det er òg ein busett gard ved Gallanach nord på øya. Muck har dagleg ferjesamband til Mallaig på fastlandet og dei andre busette øyane i Small Isles: Eigg, Rùm og Canna/Sanday. I sommarsesongen er det òg båtsamband til Arisaig på fastlandet.
Muck er kjent for den store bestanden av sel. I farvatna rundt Muck er det mange niser.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Muck (Skottland)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2010.