Kissufim
Kissufim | |||
כִּסּוּפִים, כיסופים | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Lengsel | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°22′27″N 34°23′58″E / 31.37417°N 34.39944°E | ||
Folketal | 235 (2015) | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
• Grunnlagd av | nord- og søramerikanske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Kissufim 31°22′27″N 34°23′58″E / 31.374166666667°N 34.399444444444°E | |||
Kart som viser Kissufim.
| |||
Wikimedia Commons: Kissufim |
Kissufim (hebraisk skrift כִּסּוּפִים, tyder Lengsel) er ein landsby nordvest i Negevørkenen i Israel. Han ligg like ved Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. Landsbyen ligg 92 meter over havet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen vart grunnlagd i 1951 av sionistungdomsrørsla frå USA og Sør-Amerika. Han er ein del av Shalom-blokka av israelske busetjingar for å sikre den sørlege grensa til Israel mot Gazastripa frå mange Fedayeen-infiltrasjonar. Styresmaktene har nyleg finansiert tilbygg til kvar heim som tener som bomberom.
Kissufim-overgangen
[endre | endre wikiteksten]Den nærliggande grenseovergangen til Gazastripa, kalla opp etter kibbutzen, var hovudvegen inn i Gush Katif-området i Israel frå Gaza. Han er permanent lukka for inngåande israelsk, sivil trafikk sidan 15. august 2005. Den siste israelske soldaten forlet Gazastripa og porten vart lukka kvelden 12. september 2005.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kissufim» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Israel completes Gaza withdrawal BBC News, 12. september 2006
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)