Avshalom i Israel
Utsjånad
Avshalom | |||
אַבְשָׁלוֹם | |||
fellesbusetnad i Israel | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°11′43.45″N 34°19′53.88″E / 31.1954028°N 34.3316333°E | ||
Folketal | 199 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1990 | ||
• Grunnlagd av | russiske immigrantar | ||
Avshalom i Israel 31°11′43″N 34°19′54″E / 31.195402777778°N 34.331633333333°E | |||
Kart som viser Avshalom i Israel.
|
Avshalom (hebraisk skrift אַבְשָׁלוֹם) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg nær grensa til Egypt og Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2012 hadde han 199 innbyggjarar.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1990 og kalla opp etter Avshalom Feinberg, eit medlem av spionringen Nili som vart drepen i 1917 på veg til eit møte med britiske styrkar nord på Sinai, ikkje langt frå staden der landsbyen ligg. Landsbyen var først ein campingplass for immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen som ønskte å busetje seg i Hevel Shalom-området. I 1997, då desse busetjingane nekta å ta i mot dei, vart campingplassen ein permanent busetnad, og dei fleste innbyggjarne arbeidde i dei nærliggande landsbyane.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Avshalom, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. s. 16. ISBN 965-7184-34-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Merkaz Avshalom Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter