Georg Cantor
Georg Cantor | |||
| |||
Fødd | George Ferdinand Ludwig Philipp Cantor 3. mars 1845 St. Petersburg | ||
---|---|---|---|
Død | 6. januar 1918 Halle (Saale) | ||
Nasjonalitet | Deutsches Reich, Det tyske keisardømet | ||
Område | mengdelære, matematikk, logikk, matematisk logikk, kardinaltal, ordinal number, matematisk filosofi, theology and philosophy | ||
Yrke | matematikar, filosof, universitetslærar | ||
Institusjonar | Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg | ||
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernst Kummer Karl Weierstrass | ||
Ektefelle | Vally Cantor | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Göttingens vitenskapsakademi Royal Society of Edinburgh London Mathematical Society Mathematische Verein an der Universität Berlin |
Georg Ferdinand Ludwig Philipp Cantor (fødd 3. mars 1845 i St. Petersburg, død 6. januar 1918 i Halle) var ein tysk matematikar.
Han var professor i Halle. Faren hans var fødd i Danmark, og mora var frå Austerrike.
Han er grunnleggjaren av mengdelæra og er kjent for Cantorteoremet som seier at uansett kva for ei mengd vi studerer, finst det ei mengd som er større. Dette er trivielt viss ein tenkjer på endelege mengder, men ikkje viss ein tenkjer på uendelege mengder. Dei nye synspunkta hans vakte først motstand, men har sidan vist seg å vere særs viktig for oppbygginga av store delar av matematikken. Undersøkingane hans av såkalla transfinite tal er særleg kjende. På same måte som ein innfører dei vanlege heiltala for å samanlikne mengder med ei endeleg mengd element, innførte Cantor transfinite tal for å samanlikne uendelege mengder.
Cantor vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten](utval)
- 1904 – Sylvestermedaljen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Georg Cantor». Store norske leksikon. 14. november 2011.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Georg Cantor» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2011.