Gon
Gon (av gresk γωνία (gōnía), vinkel) er ei måleining av ein vinkel i planet, og svarer til 1⁄400 av ein full sirkel og dermed 1⁄100 av ein rett vinkel. Ein gon er lik 9⁄10 av ein grad eller π⁄200 av ein radian. Gon vart tidlegare kalla nygrad og skriven med g, ein heva minuskel g. Vanlege inndelingar av ein gon er centigon og milligon.
Eininga har opphavet sitt i Frankrike som ein del av det metriske systemet. På grunn av samanblanding med den eksisterande eininga grad – spesielt i Nord-Europa – vart namnet gon innført.
Sjølv om det vart gjort forsøk på ei generell innføring av eininga, var det berre nokre land som byrja å bruke han og då innanfor spesialiserte område som landmåling (og orientering). Ein av fordelane ved å bruke gon, er at ein skilnad i breidde på éin centigon (1⁄100 gon) svarer til omtrent éin kilometer (1000,1966 m (WGS 84) i gjennomsnitt; 995,1687 m (WGS 84) ved ekvator, 1005,2456 m (WGS 84) ved polane[1]). (Dette ville gjort at nautisk mil vart overflødig.)
Den meir kjente eininga grad, 1⁄360 av ein sirkel, eller den matematisk meir laglege eininga radian, 1⁄2π av ein sirkel (som nyttast i SI-systemet), vert vanlegvis heller brukt enn gon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gon» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Ordbok for kart og oppmåling, RTT57, Statens kartverk, Norges karttekniske forbund, Rådet for tekniske terminologi, 1989. ISBN 82-90408-97-8