[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Øyvind Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvind Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. januar 1959 (65 år)
Oslo
Yrke skribent, lyrikar, omsetjar

Øyvind Berg (fødd 14. januar 1959) er ein norsk lyrikar, dramatikar, skodespelar og omsetjar.

Berg er fødd i Oslo. Han har mellomfag i filosofi og litteraturvitskap i tillegg til studiar i egyptologi frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø. Han har vore medlem av Forfattarforeninga sitt litterære råd (1987–1988) og (1993–1996). Han har sete i Norsk kulturråd si ankenemnd for innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur. Frå 1997 er han kunstnerisk leiar for Sigrid Undset-dagene, Norsk litteraturfestival.

Berg sin lyrikk er omsett til tysk, engelsk og dansk.

  • Retninger – dikt (1982)
  • Barn er et hardt språk – dikt (1984)
  • Vitenskap for barn – dikt (1985)
  • Et foranskutt lyn – dikt (1986)
  • Totschweigetaktiken – dikt (1988)
  • Kjøter: en sosiodisé – skodespel (1989)
  • Lærestykker – skodespel (1990)
  • Kunngjøring – dikt (1992)
  • Poe si tid – dikt (1993)
  • Forskjellig – dikt (1995)
  • Kjærlighetc. – dikt (1997)
  • Nede fortelling – dikt (2000)
  • Chutzpah i måneskinn – (2004)
  • Billigbok – dikt (2006)
  • Poesi og lærepenger : essays, artikler, foredrag – 2009
  • Blindedikt – 2010
  • Tekster for Baktruppen 1994-2009 – 2011

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]