Profet
Profet er innan religionar ei nemning på ein person eller bodbringar som vert rekna å kunna formidla eit bodskap (profeti eller openberring) frå ei høgare makt. Ei slik høgare makt kan vera Gud.
Profetar som religionsgrunnleggjarar
endreFleire profetar har fått store tilhengjarskarer som etterkvart er blitt til ein religion. Av desse kan nemnast
- Abraham, ofte rekna som stiftar av jødedommen
- Zoroaster (Zarathustra) (1000-talet f.Kr.), som grunnla parsismen
- Mani (ca. 210–276), som grunnla manikeismen
- Døyparen Johannes (første hundreåret), grunnla mandeismen
- Jesus (første hundreåret), rekna som guddommeleg i kristendommen, rekna som profet i islam
- Muhammed (570–632), grunnla islam
- Báben (1819–1850) og Bahá'u'lláh (1817–1892), grunnla babismen og bahai
- Marcus Garvey (1887–1940) er rekna som profet i rastafari
Profetar frå Det gamle testamentet
endreFleire av tekstane i Det gamle testamentet er tilskrivne profetar.