[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Patriarken Abraham

Denne artikkelen handlar om den bibelske personen Abraham. For meir informasjon om namnet Abraham, sjå Abraham.

Abraham er rekna som grunnleggjar og patriark for dei abrahamittiske religionane. Han er òg rekna som forfar til dei som historisk høyrer til desse religionane. Soga om Abraham er omtalt i Fyrste mosebok i Bibelen.

Abraham

Abraham i ein ukrainsk miniatyr.
FøddUr Kaśdim
DødHebron, Kanaan
Tittelprofet, patriark
Opptrer i1. Mosebok 24, 1. Mosebok 25, 1. Mosebok 26, 1. Mosebok 28, 1. Mosebok 31, 1. Mosebok 32, 1. Mosebok 35, 1. Mosebok 48, 1. Mosebok 14, Peters første brev, Apostelgjerningane, Brevet til hebrearane, Jakobs brev, Evangeliet etter Johannes, Evangeliet etter Lukas, Evangeliet etter Markus, Evangeliet etter Matteus, Paulus’ brev til romarane, Tanhuma, Midrash Rabba, Tobits bok, Siraks bok, Salmane, Mika, Nehemjas bok, Jeremias bok, Judits bok, Jesajas bok, Esekiels bok, Daniels bok, Esters bok, Femte Mosebok, Tredje Mosebok, Fjerde Mosebok, Josvas bok, Første kongebok, Andre kongebok, Andre Krønikebok, Tanákh, Koranen, Mormons bok, Kuando el Rey Nimrod, Abrahams bok, Abraham, Det var en gang et menneske, The Cave
Identifisert medIbrahim
Andre namnAbram
GravstadPatriarkgrotta
Landingen verdi
MorAmasla
FarTarah
EktefelleSara, Hagar, Ketura
BarnIsmael, Patriarken Isak, Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak, Sjuah, Bakol

Abraham i kanoniske skrifter

endre

Abraham i 1. mosebok

endre

Soga om Abraham byrjar i den sumeriske byen Ur i Mesopotamia. Tarah, far til Abram, tar med familien og vandrar ut av Ur.[1] Dei slår seg ned i Karan. Her får Abram eit kall om for å fare til Kanaan, eit land Gud vil gje han i eige. Denne soga er knytt til ei folkevandring det nomadiske amorittiske folket gjorde som følgje av uroa som rådde i landet deira. Abram reiste sidan vidare til faraos Egypt, og han vart svært rik.

Abram var gift med Sarai. Med trellkona Hagar fekk han sonen Ismael. Då Abram var 99 år, skipa Gud ei pakt med han. Han skulle ikkje lenger heite Abram, men Abraham, og kona skulle heite Sara, og med ho skulle han bli stamfar til ei tallaus ætt. Som teikn på pakta skulle alle gutebarn av slekta hans omskjerast åtte dagar gamle.[2]

Sara fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, som sidan fekk namnet Israel, stamfar til jødane.

 
Osmansk illustrasjon av Abraham i ferd med å ofra Ismael, og Abraham kasta i elden av Nimrod.

I Koranen

endre

Abraham er nemnd i 25 av dei 113 kapitla (suraene) i Koranen. Koranen lyfter fram Abraham sin religion, som var fri for avgudsdyrking. Dei som står Abraham nærast, er dei som følgjer han, står det i 3,61. Verken jødar eller kristne følgjer Abrahams religion, fortel Koranen. Abraham var ein reint Gud-søkjande, han hadde den opphavlege, uforvanska religionen.[3]

Abraham og Ismael reiste Kaaba, huset, og gjorde det til eit pilegrimsmål og ein fredlyst stad.

Andre forteljingar om Abraham

endre

I Midrasj Rabba, ei samling rabbinske forklaringar, blir det fortald at Abraham som ung gjorde narr av avgudsdyrking. Han hadde fått i oppgåve å passa faren sin verkstad og utsal av avgudsbilete, og viste kor absurd det var å dyrka dei. Til dømes knuste han mange av statuane med ein stokk og plasserte stokken i hendene til den største. Då faren kom attende, fortalde han at avgudsbileta hadde krangla.[4]

I fleire forteljingar frå mellomalderen er Abraham i konflikt med ein konge, typisk Nimrod. Kongen representerer det vonde eller avgudsdyrking, mens Abraham presenterer det gode eller monoteistisk gudsdyrking. I Midrasj Rabba 38:13 finst til dømes ein tekst der Nimrod gjev ordre om at Abraham skal tilbe elden. Abraham svarer med å spørja om han skal tilbe vatnet, som sløkkjer elden, skya, som ber vatnet, vinden, som spreier skyene, eller mennesket, som står mot vinden. Då tok Nimrod og kasta han på elden. Ved eit under kom Abraham uskadd frå det.[4]

Kjelder

endre
  1. 1 Mos 11,31
  2. 1 Mos 17
  3. Koranen 2,118-129
  4. 4,0 4,1 Midrash Rabba, s. 310-311 ved archive.org.
Spire  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.