[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

New age (frå engelsk; ny tidsalder) er ei religiøs strøyming som har utvikla seg i den vestlege verda sidan 1970. New age har ein desentralisert struktur utan ein samlande organisasjon, einskapleg ideologi eller faste doktrinar; og i vid forstand omfattar New age «eit stort tal rørsler og organisasjonar med bakgrunn i ulike former for terapi, yoga, astrologi, okkultisme, sjamanisme og medvitsutvidande teknikkar». Samtidig peiker omgrepet gjerne på «ei generell livshaldning, eit heilskapleg verdsbilete eller ei terapiform, der desse elementa inngår i ulike kombinasjonar».[3]

Det er vanleg innan new age å visa til mytologiske eigenskapar ved jorda, månen og verdsrommet; omgrepet new age viser til det astrologiske omgrepet tidsalderen til Vassmannen.[1] Den nye tida inneber at «alle gamle ideologiar og religionar i den noverande tidsalderen til Fiskane vil ha utspelt si rolle».[2]

Kjelder

endre
  1. Melton, J. Gordon – Director Institute for the Study of American Religion. New Age Transformed, retrieved 2006-06
  2. Artikkelen «New Age» i Per Kværne og Kari Vogt. Religionsleksikon. Cappelen akademisk forlag, 2002. ISBN 82-02-19667-1.
  3. Kjelde for sitat og vurderingar er Tonje M. Mehren og Jeanette Sky si innleiing i boka New Age, 2007

Bakgrunnsstoff

endre