Yossi Fine
Yossi Fine | |||
Fine på Havana Club i Tel Aviv, 2011. | |||
Fødd | 7. desember 1964 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris i Frankrike | ||
Fødenamn | Joseph Thomas Fine | ||
Opphav | Israel | ||
Aktiv | Sidan 1981 | ||
Sjanger | Verdsmusikk, reggae, funk | ||
Instrument | Bass, gitar | ||
Tilknytte artistar | Ex-Centric Sound System Vieux Farka Touré Idan Raichel Hadag Nahash Stanley Jordan Me'shell Ndegeocello David Bowie | ||
Plateselskap | Avila Street Records | ||
Verka som | Musikar/produsent |
Joseph Thomas Fine (fødd 7. desember 1964), med artistnamnet Yossi Fine, er ein israelsk bassist og produsent. Han er frontmann i gruppa Ex-Centric Sound System, som spelar verdsmusikk, funk og reggae.
I 1985 flytta han til New York City og spelte med ei rekkje artistar i byen,[1] og ofte med Gil Evans Orchestra frå 1985 til 1991.[2] I 1991 vart han nominert til Grammyprisen for songen hans «Always Knows».[3] Fine flytta attende til Israel i 1995. I 1997 skipa han Ex-Centric Sound System med trommeslagaren Michael Avgil og tre ghanesiske songarar, Nana Dadzie, Adevo Savour og Benjamin Kouleho.
Fine har arbeidd mykje med den maliiske gitaristen Vieux Farka Touré. Fine spelte bass i The Touré-Raichel Collective, eit samarbeid mellom Touré og Idan Raichel.[4]
Fine har òg spelt med og produsert musikk for musikarar som Naughty By Nature (og skapte basslinja på hitsingelen deira «Hip Hop Hooray» i 1993), Gil Evans, John Scofield, Kenny Kirkland, Lou Reed, Rubén Blades, Stanley Jordan, Me'shell Ndegeocello, David Bowie, Brian Eno, Anthony B, Karsh Kale, Cheb i Sabbah, Antibalas, Hassan Hakmoun, Hadag Nahash, Ofra Haza, Noa og Hamsa Lila.[1]
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]Yossi Fine & Ben Aylon
[endre | endre wikiteksten]- Blue Desert (2018, Blue Desert Music)
Solo
[endre | endre wikiteksten]- Live in Jerusalem (2007, EXS Music)
- «Peace Is the Answer» (singel) – Skyler Jett & Yossi Fine (2012, First Kiss Records)
Med Ex-Centric Sound System
[endre | endre wikiteksten]- Electric Voodooland (2000, Relativity)
- West Nile Funk (2004, IndieLand/EXS)
- Afro Riddim Sessions, Vol. 1 (2006, In the Pocket Records)
- Live In San Francisco (2010, Avila Street Records)
- Premixes (2011, Avila Street Records)
- Re Spect (5-CD box set) (2011, Avila Street Records)
Som gjestartist (bass)
[endre | endre wikiteksten]- Rubén Blades – Nothing But the Truth (1988, Wounded Bird Records)
- Stanley Jordan – Cornucopia (1990, Blue Note Records)
- David Bowie – Outside (1995, Arista/BMG)
- Noa – Calling (1996, Geffen Records)
- Karsh Kale – Realize (2001, Six Degrees Records)
- Deepak Chopra – A Gift of Love, Vol. 2 (2002, Tommy Boy Records)
- Karsh Kale – Broken English (2006, Six Degrees Records)
- Cheb i Sabbah – Devotion (2008, Six Degrees Records)
- Vieux Farka Touré – Fondo (2009, Six Degrees Records)
- Vieux Farka Touré – Live (2010, Six Degrees Records)
- The Touré-Raichel Collective – The Tel Aviv Session (2012, Cumbancha)
Produsent
[endre | endre wikiteksten]- Shabak Samech - Shabak (1995, NMC)
- Shabak Samech - Be'atifa Shel Mamtak (1997, NMC) (trans: In A Candy Wrapper)
- Emil Zrihan – Ashkelon (1999, Piranha)
- Hamsa Lila – Gathering One (2003, BRG)
- Hadag Nahash – Lazuz (2003, Levantini)
- Hadag Nahash – Homer Mekomi (2004, Levantini)
- Eljuri - «En Paz» (2008, Manovill Records)
- Vieux Farka Touré – Fondo (2009, Six Degrees Records)
- Hadag Nahash – 6 (2010, HaTav HaShmini)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yossi Fine» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Peter Margasak, «Ex-Centric Sound System,» Chicago Reader, 9. mars 2000.
- ↑ «Yossi Fine Q & A + Video – Pt. 3,»[daud lenkje] Guitarkadia, 20. oktober 2008.
- ↑ AvilaStreetRecords.com. Arkivert 7. januar 2013 ved Wayback Machine. Accessed 12. mars 2012.
- ↑ David Brinn, «Idan Raichel's double life,» Jerusalem Post, 26. februar 2012.