[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Vesak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markering av vesak i Seoul.

Vesak (pali vesākha, sanskrit vaiśākha), også kalla Buddha purnima og Buddha-dagen, er ei av dei viktigaste høgtidene i theravada-buddhismen. Vesak feirar Buddha sin fødsel, opplysing og død, eller oppnåinga av nirvana.[1] Desse tre hendingane skal ha funne stad på same dato.[2]

Dagen blir markert på fullmånedagen i mai.[2] Høgtida blir feira i India, Sri Lanka, Kina, Japan, Sør-Korea, Taiwan, Nepal, Tibet, Bangladesh, Bhutan, Indonesia, Singapore, Vietnam, Thailand, Kambodsja, Laos, Malaysia og Myanmar, og andre stader i verda.[3][4]

Vesak blei anerkjend som ein internasjonal dag av generalforsamlinga i SN i 1999.[2]

  1. «Visakha Puja». Accesstoinsight.org. Henta 20. mars 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Vesak-dagen». FN-sambandet. Arkivert frå originalen 7. desember 2013. Henta 3. januar 2018. 
  3. Fowler, Jeaneane D. (1997). World Religions: it is celebrated to mark the birth, enlightenment and the passing away of the Lord Buddha. An Introduction for Students. Sussex Academic Press. ISBN 1-898723-48-6. 
  4. The World Buddhist Directory
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.