Vaskemaskin
Vaskemaskin er ein type kvitevare utforma for å vaska klede. Den vanlegaste typen vaskemaskin (for hushald) brukar vatn, vaskemiddel og eventuelt tøymjuknar til dette. Den første vaskemaskina ein kjenner til blei bygd i 1851, men ein serieproduserte ikkje slike maskinar før på 1920-talet. Vaskemaskinar til hushaldsbruk blei vanlege i norske heimar etter andre verdskrigen.
Industrielle vaskemaskinar blir brukte i industrien og er gjerne større og meir kompliserte enn dei til hushald. Ein kan bruka dei både til å vaska tøy og andre typar artiklar.
Hygiene
[endre | endre wikiteksten]For å oppnå eit tilstrekkeleg hygienenivå (termisk desinfeksjon) når ein vaskar tekstilar som blir nytta på kjøkken, har Mattilsynet gjeve føring om å nytta eit program med ein temperatur på minimum 65 °C. I praksis tyder det ofte 95 °C då mange vaskemaskiner ikkje har temperaturinnstillingar mellom 60 og 95 °C.[1]
Montering
[endre | endre wikiteksten]I motsetnad til oppvaskmaskinar har dei fleste klesvaskemaskinar ikkje vasslås. Dei fleste forsikringsselskap krev difor at klesvaskemaskinar skal monterast på våtrom for å unngå vasskade i romma dersom det skulle oppstå ein feil med klesvaskemaskinen.
Brannfare
[endre | endre wikiteksten]Både vaskemaskinar og oppvaskmaskinar inneheld mykje brennbart materiale, og det blir ikkje rådd til å setja dei i gang utan at ein er heime og våken.[2][3][4] Det kan oppstå eksplosive brannar som kan forårsaka husbrann, sjølv om vaskemaskinen står på eit rom der golv, vegger og tak er dekte med betong eller gips.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ikke nok å være god kokk». Henta 02.01.2020.
- ↑ «Brannstatistikk 2016 Tall fra rapporteringsløsningen (BRIS) fra brann- og redningsvesenet til DSB» (PDF).
- ↑ «Håkon kom hjem til vaskemaskin i full fyr» (på norsk bokmål). Henta 5. desember 2021.
- ↑ «Unngå brann i elektriske apparater | Sikkerhverdag». Henta 5. desember 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Vaskemaskin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2022.