[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Värmlandsbanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Värmlandsbanan, fram til 1990 kalla Nordvästra stambanan, er ei jernbanelinje som går mellom riksgrensa ved Magnor i Noreg og Laxå i Närke i Sverige. Banen er eit framhald av Kongsvingerbanen.

I Laxå er Värmlandsbanan knytt saman med Västra stambanan. Det er jernbanestasjonar på desse stadane, frå aust til vest: Degerfors, Kristinehamn, Karlstad, Kil, Högboda, Edane, Arvika og Charlottenberg. I Högboda og Edane og ved nokre andre haldeplassar, stoppar det berre lokaltog.

SJ trafikkerer heile banen med tog som går mellom Stockholm og Oslo. I tillegg trafikkerer Värmlandstrafik regionaltog mellom Degerfors-Karlstad–Charlottenberg, nokre av desse går mellom Oslo og Karlstad eller Kristinehamn. I ein kort periode trafikkerte Ofotbanen AS banen før selskapet vart lagt ned. Tilbodet deira vart marknadsført under namnet Unionsekspressen.

Pr. 2007 køyrer det dagleg tre lokomotivtrekte tog mellom Stockholm og Oslo i kvar retning. Det er ti daglege tog mellom Stockholm og Karlstad (tre X 2000 og resten lokaltog) i tillegg til länstog mellom Karlstad og Charlottenberg. På strekninga Karlstad-Kil køyrer det fleire tog, som skal vidare på andre banar. På denne strekninga er det derfor stor trafikk noko som har gjort den til ei av dei mest trafikkerte dobbeltsporsterkningane i Sverige. I 2012 starta bygginga av eit 2,5 km langt møtespor som blir opna i 2013.[1]

Nattoget vart lagt ned for nokre år sidan.

Reisetida mellom Stockholm og Karlstad er 2½ time med X 2000 og 3 timar med lokaltog. Strekninga Oslo-Karlstad tar i underkant av 3 timar.

Bygginga av jernbanen mellom Laxå og den norske grensa, den gong kjent som «Nordvästra stambanan», starta i 1866 og vart ferdigstilt i 1871. Banen var tenkt som eit samband mellom Stockholm i Sverige og Oslo i Noreg, som den gong var i union. Noreg hadde alt i 1865 forlenga Kongsvingerbanen til grensa. Strekninga blei elektrifisert i 1937. I 1962 vart det bygd eit triangelspor ved Laxå, slik at toga Stockholm-Karlstad(-Oslo) ikkje lenger måtte inn i byen for å vende. I 1990 endra Banverket namnet på banen til Värmlandsbanan.

Teiknforklaring
Oslo S
Hovedbanen
Lillestrøm (1881)
Kongsvingerbanen
Kongsvinger (1881)
Grensebanen
438,8 Furumoen (riksgrense)
437,5 Eda
432,2 Charlottenberg
428,2 Ås
424,5 Lerot
61
417,8 Åmotfors
Kroppstadälven (ca. 70 m)
415,9 Kroppsta
407,0 Ottebol
Jösseälven (ca. 90 m)
402,3 Gilserud, frå Årjäng, nedlagt
397,9 Arvika
396,3 Viksområdet lasteplass
390,8 Myrom
387,6 Ingersbyn
Gryttomtunneln (75 m)
383,1 Edane
Gunnarsbyn
Värmeln (ca. 45 m)
Brunsbergstunneln (365 m)
376,2 Brunsbergtunneln
374,9 Brunsberg
61
366,0 Högboda
361,8 Lene
E45
355,3 Fagerås
Norsälven (ca. 160 m)
Norge/Vänerbanan frå Göteborg
Fryksdalsbanan
349,5 Kil
Fryksta
Bergslagsbanan
348 Kil nedre
343,0 Hynboholm
62
337,5 Skåre
332,2 Ramgatan lasteplass (1967–1992)
E18
Skoghall
Klarälven vest (ca. 140 m)
330,1 Karlstad C
Pråmkanalen (ca. 50 m)
329,0 Karlstads Östra (1903)
Klarälven aust (ca. 230 m)
Sjöstadsmotet Nordmark - Klarälvens Järnväg (1880–1990)
325,0 Karlstad Välsviken
Alstersälven (ca. 65 m)
323,1 Alster
319,2 Skattkärr
315,1 Boberg lasteplass
313,5 Stavnäs (1909–1970)
307,2 Väse
301,3 Rudsberg
298,2 Ölme
Inlandsbanan frå Persberg
Bergslagsbanan til Gävle
289,8 Kristinehamn
Inlandsbanan
26 Varnumsleden
287,4 Höja lasteplass
277,8 Björneborg
frå Gullspång, nedlagt
266,6 Strömtorp
Nora Bergslags järnväg til Bofors
frå Vikern
Letälven (ca. 110 m)
263,6 Degerfors
251,5 Svartå
til Örebro, nedlagt
240,8 Hasselfors
234,2 Porla
Västra stambanan frå Stockholm C
229,4 Laxå
Röfors
Västra stambanan til Göteborg C

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]