Udim
Utsjånad
Udim | |||
אוּדִים | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | 32°15′58.68″N 34°51′4.68″E / 32.2663000°N 34.8513000°E | ||
Folketal | 1 229 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1948 | ||
• Grunnlagd av | Holocaust-overlevande | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Udim 32°15′59″N 34°51′05″E / 32.2663°N 34.8513°E | |||
Kart som viser Udim.
| |||
Wikimedia Commons: Udim |
Udim (hebraisk skrift אוּדִים, tyder 'Vedskie') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 229.[1]
Moshaven vart grunnlagd i 1948 av Holocaust-overlevande. Namnet er henta frå Sakarja 3:2 og symboliserer at grunnleggjarane var overlevande av Holocaust:
Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har vald ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»
Naturreservat
[endre | endre wikiteksten]Søraust for moshaven ligg eit naturreservat, oppretta i 1967, og utvida i 1997. Det er no 140 mål i alt.[2] Reservatet er i eit gammalt steinbrot, der vasspegelen har heva seg slik at det veks vassplanter der. .[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Udim» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014.
- ↑ «Udim naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 3. september 2015.