[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Taipei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taipei
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Republikken Kina
Del av Northern Taiwan, Taipei–Keelung metropolitan area
Areal 271,7997 km²
Folketal 2 603 150 (2020)[1]
Grunnlagd 1709
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Postnummer 100–116
Retningsnummer (0)2
Kart
Taipei
25°02′15″N 121°33′45″E / 25.0375°N 121.5625°E / 25.0375; 121.5625
Wikimedia Commons: Taipei

Taipei (Taipeh; tradisjonell kinesisk 臺北市, pinyin Táibĕi Shì, taiwanesisk Tâi-pak) er den provisoriske hovudstaden i Republikken Kina og den største byen på Taiwan. I 2020 hadde byen eit folketal på 2 603 150. Byen har ein stor elektronikk-, tekstil-, metall-, skipsverfts- og motorsykkelindustri.

Taipei by er ein eigen kommune administrert direkte av sentralregjeringa i Republikken Kina. Den er ikkje ein del av, men er omgjeven av, Taipei-provinsen.

Den offisielle hovudstaden til Republikken Kina er Nanjing, men regjeringa har halde til i Taipei sidan republikken mista kontrollen over Fastlands-Kina i 1949.

Det eldste museet i landet er nasjonalmuseet, Guólì Táiwān Bówùguǎn.

Satellittbilete av Taipei og omegn
Nasjonalmuseet

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Taipei