Toril Akerhaugen
Utsjånad
Toril Akerhaugen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1982 (42 år) Oslo |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 1,76±0,001 meter |
Toril Akerhaugen på Commons |
Toril Hetland Akerhaugen (fødd 5. mars 1982) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vann EM-sølv med Noreg i 2013.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Akerhaugen spelte på Lørenskog IF i 2000. Frå 2001 til 2015 var ho aktiv i toppklubben Asker SK og etterfylgjaren Stabæk IF. Forsvarsspelaren deltok i 229 obligatoriske kampar med Asker og Stabæk og skåra eitt einaste mål. Gjennom dei femten sesongane i Asker og Stæbæk var ho med å vinne to cupgull og like mange seriemeisterskap.
Frå debuten i 2006 til 2013 spelte Akerhaugen 59 landskampar for Noreg. Ho var med i EM-troppa i 2009 og spelte venstreback i EM-finalen mot Tyskland i 2013.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM-sølv: 2013
- Noregsmeister: 2005 og 2012 med Asker SK/Stabæk IF
- Norsk seriemeister: 2010 og 2013 med Stabæk IF
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Toril Hetland Akerhaugen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2017.