[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Tokammersystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Nasjonar med tokammersystem.██ Nasjonar med eittkammersystem.██ Inkje parlament.

Tokammersystem er ei ordning der ei nasjonalforsamling har to avdelingar (kammer). Avdelingane er valde separat og forhandlar i hovudsak kvar for seg. Dei to kammera vert gjengs omtala som over- og underhus, der overhuset til vanleg har husa særskilte privilegerte klasser, som adel og presteskap, medan underhuset har husa borgarklassa.

Trass i at Stortinget i Noreg fram til 2009 hadde system med to avdelingar, Odelsting og Lagting, har Noreg ikkje hatt eit tokammersystem sidan alle medlemmene av Stortinget kjem frå same val, og det var primært berre i lovsaker avdelingane arbeidde fråskilde.

«tokammersystem» i Store norske leksikon, snl.no.