Touch Me av The Doors
Touch Me Singel av The Doors frå albumet The Soft Parade | ||
B-side |
«Wild Child» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1968 | |
Innspelt | Hausten 1968 | |
Sjanger | Symfonisk rock | |
Lengd | 3:11 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | Robby Krieger | |
Tekstforfattar | Robby Krieger | |
Låtskrivar(ar) | Robby Krieger | |
Produsent | Paul Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«Hello, I Love You» (1968) |
Touch Me | «Wishful Sinful» (1969)
|
«Touch Me» er ein song av The Doors frå albumet deira The Soft Parade frå 1969. Han var skriven av Robby Krieger, og riffet var inspirert av The Four Seasons sin «C'mon Marianne». Songen er kjend for at det vert nytta mykje blåseinstrument og strykarar (inkludert ein mektig saksofonsolo av Curtis Amy). Det var òg ein av dei mest populære singlane til bandet.
Han vart gjeven ut som singel i desember 1968 og nådde 3. plass på Hot 100 og førsteplassen på Cashbox-listene i USA. Singelen gjorde det òg godt andre stader og gjekk til topps i Canada og nådde 10. plass i Australia. Singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.
Arbeidstitlar
[endre | endre wikiteksten]I følgje Bruce Botnick vart songen opphavleg kalla «I'm Gonna Love You» eller «Hit Me». Opningslinja var då «C'mon, hit me, I'm not afraid» er ein referanse til ein person som spelar black jack[1]. Morrison endra visstnok teksten fordi han var redd bøller i publikum ville tru at det var ei oppfordring om å slå han.
Ein av dei mest kjende fjernsynsframferdene til bandet var av «Touch Me» på the Smothers Brothers Comedy Hour i lag med B-sida «Wild Child». Dette vart gjort 6. desember 1968 og synt på lufta den 15. desember. Under framferda kom Jim Morrison inn på feil stad med «C'mon, c'mon» og Robby Krieger spelte med eit svart auge. Krieger sa i fleire intervju etter at Morrison var død at det var Morrison som hadde slått han under ein krangel.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[10] | Gull | 1,000,000^ |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spela songen er Guess Who og Ian Astbury.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Touch Me (The Doors song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Doors CDs Remastered, arkivert frå originalen 18. februar 2012, henta 18. mars 2011
- ↑ Flavour of New Zealand, 24. april 1969
- ↑ «SA Charts 1965–March 1989». Henta 2. september 2018.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, 8. februar 1969
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6104&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062
- ↑ Musicoutfitters.com
- ↑ Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 27. desember 1969
- ↑ The program originally began in 1958, with a Gold Award for singles and albums that reach $1,000,000 in sales. The criterion was changed in 1975 to the number of copies sold, with albums selling 500,000 copies awarded the Gold Award.
- ↑ «American single salstrofé – Touch Me». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH