[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Willie the Pimp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willie the Pimp
Song av Frank Zappa
frå albumet Hot Rats
Utgjeve 10. oktober 1969
Sjanger Bluesrock, hardrock
Lengd 9:25
Selskap Bizarre/Rykodisc
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«Willie the Pimp» er ein bluesrocksong av Frank Zappa frå albumet Hot Rats frå 1969. Captain Beefheart syng vokal på songen, medan Zappa spelar ein av sine klassiske gitarsoloar. Songen er 9 minuttar og 16 sekundar lang på Hot Rats. Han er den einaste songen som ikkje er ein instrumental på albumet, men inneheld ein lang instrumental gitarsolo.

Songen finst òg på konsertalbuma Fillmore East - June 1971 og You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4.

Albumtittelen Hot Rats kjem frå ein del av teksten på Willie the Pimp. Opphavet til songen vart forklart i ein samtale Zappa spelte inn i 1969. Intervjuet vart seinare gjeven ut som «The Story of Willie the Pimp» på Zappa-albumet Mystery Disc.

Songen vart rangert på 75. plass på lista over dei 100 beste gitarsongane av Rolling Stone.[1]

Hot Rats-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Fillmore East

[endre | endre wikiteksten]

You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. "The 100 Greatest gitar Songs of All Time", arkivert frå originalen 31. mai 2008, henta 7. oktober 2022 . Rolling Stone. 2008. Henta 31. mai 2014. «Zappa sin gitarimprovisasjon var aldri meir bluesaktig - eller meir triumferande - enn på denne songen. Dei sleipe glidingane og hylande hunde-tonen - og måten han glir over i nevekampar med rytmeseksjonen med raske notar - er lekent og impulsivt. Og den djupe vokalen? Det er tenåringsvenen til Zappa, Captain Beefheart».