[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Sølv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
47 PalladiumSølv/sylvKadmium
Cu

Ag

Au
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Sølv/sylv, Ag, 47
Kjemisk serie Transisjonsmetall
Gruppe, periode, blokk 11, 5, d
Tettleik, hardleik 10490 kg/m3, 2,5 (ikkje SI)
Utsjånad Glinsande kvitt metall
Sølv/sylv
Atomeigenskapar
Atommasse 107,8683 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 160 (165) pm
Kovalent radius 153 pm
Ioneradius 129 pm (ladning: +1)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [Kr]
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 18, 1
Oksidasjonstrinn (oksid) +1, +2 (amfotært)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 1234,93 K (961,78°C)
Kokepunkt 2435 K (2162°C)
Molart volum 10,27 cm3/mol
Fordampingsvarme 250,58 kJ/mol
Smeltevarme 11,3 kJ/mol
Damptrykk 0,34 Pa ved 1234 K
Ljodfart 2600 m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,93 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 232 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 63 MS/m
Termisk konduktivitet 429 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 731,0 kJ/mol
2070 kJ/mol
3361 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
107Ag 51,839% (stabilt)
108Ag (kunstig) 418 år ε 2,027 108Pd
108mAg (kunstig)   IK 0,109 108Ag
109Ag 48,161% (stabilt)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Sølv eller sylv er eit grunnstoff med atomsymbol Ag og atomnummer 47. Det er eit transisjonsmetall i gruppe 11 i periodesystemet saman med dei andre myntmetalla kopar og gull, i tillegg til røntgenium.

Førekomst og utvinning

[endre | endre wikiteksten]

Sølv finst ofte i naturen som sølvsulfid (Ag2S). I ein metode for utvinning av sølv vert pulverisert sølvsulfid behandla med natriumcyanid, før metallisk sink vert tilsett. Reint sølv får ein så ved elektrolyse med det ureine sølvet som anode, og litt reint sølv som katode. Elektrolytten er surgjort sølvnitrat (AgNO3).

Viktige sambindingar

[endre | endre wikiteksten]

Sølv vert mellom anna brukt til å laga smykke, bestikk og pyntegjenstandar. I idrettsverda og i mange medaljesett blir det rekna som den nest beste valøren, etter gull.

Sølvnitrat vert brukt som reagens i kjemien. Det set svarte merke på organiske material og kan brukast som stempelsverte. Det verkar antiseptisk og blir brukt som augedråpar mot infeksjon hos nyfødde barn der mødrene har visse infeksjonar før forløsninga, særleg gonore.

Den største bruken av sølv er i fotografisk film. Sølvbromid dekomponerer til sølv og brom når stoffet blir utsett for lys, og dette blir utnytta i film, slik at dei delane som har vore utsett for lys blir svarte etter framkalling (negativ film).

Medisinsk bruk

[endre | endre wikiteksten]

Sølv virker desinfiserande, sidan sølvion forstyrrar stoffskiftet i bakteriar, men er lite giftig for menneske. Dette har gjort at sølv har vore nytta som desinfeksjonsmiddel. Tradisjonelt vart augedropar med sølvnitrat drypt på auga til nyfødde barn for å hindre at eventuelle kjønnssjukdommar vart overført frå mora til barnet. I dag blir sølvsolar (væske med svært små partiklar av sølv) brukt til desinfeksjon. Desse partiklane blir til ein viss grad oksidert i luft til sølvoksid, nok til at væska virker desinfiserande.

Kjemiske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Sølv er eit edelt metall, og reagerer ikkje med oksygenet i lufta, men vil reagere med hydrogensulfid og danne sølvsulfid, og dette gjer at sølv blir svart ved eksponering i luft. Oksiderande emne, som salpetersyre og hydrogeniodid vil reagere med sølv og danne sølvnitrat og sølviodid.

Sølv har berre ein stabil oksidasjonstilstand, Ag(I), og dei fleste sølvsambindingar har sølv denne forma. Unnateke frå dette er sølvtrifluorid AgF_3, der sølv har oksidasjonstilstanden Ag(III)

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]