S/PDIF
Utsjånad
S/PDIF (Sony/Philips Digital InterFace) er forbrukarversjonen av AES3. Interfacet er stadardisert av IEC som IEC 60958 Type II. Til skilbnad frå AES3 vert det nytta ein 75 Ohm koaksialkabel. Audio er koda likt med AES3, men tilleggsdata (metadata) skil seg frå AES3 [1]. Det var vanlegvis nytta Phono (RCA) kontaktar, men nokre produsentar nyttar BNC-kontaktar. At det er to ulike kontaktar i bruk fører ofte til problem for brukarane, som må skaffa seg kabel med BNC i den eine enden og phonokontaktar i den andre. Forbrukarutstyr i den høgare enden av prisskalaen nyttar ofte AES3 i staden for, eller i tillegg til, S/PDIF.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Doi, T.T, Tsuchiya, Y. og Tanaka, M., Digital I/O format for digital audio sytem, Preprint No 1618 (X5), 65th Audio Engineering Society Conv., London, Feb. 1980.