[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Runa Islam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runa Islam
Fødenamn bengali রুনা ইসলাম
Statsborgarskap Bangladesh, Pakistan, Storbritannia, Bengal
Fødd 10. desember 1970 (53 år)
Dhaka
Yrke videokunstner, filmregissør
Språk bangla
Religion Islam

Runa Islam (fødd 10. desember 1970) er ein bangladeshisk-britisk biletkunstnar og filmskapar med base i London. Ho blei nominert til den prestisjetunge Turnerprisen i 2008. Ho er hovudsakleg kjend for filmverka sine.[1]

Islam var fødd i Dhaka i Pakistan (no Bangladesh) og flytta til London då ho var tre.[2] Ho studerte ved Rijksakademie van Beeldende Kunsten i Amsterdam frå 1997 til 1998.

I 1999 stilte Islam ut på EASTinternational, vald ut av Peter Doig og Roy Arden. Ho fullførte ein M.Phil ved Royal College of Art i London i 2004.

Islam er inspirert av europeiske kunstnarar som filmskaparen Jean-Luc Godard.[3]

I 2005 deltok ho i Venezia-biennalen.[4] Islam sin 16mm-filminstallasjon Conditional Probability (2006) var resultatet av ei kunstnarrolle ved North Westminster Community School, det siste året før skulen stengde.[5] Han blei fyrst stilt ut ved Serpentine Gallery.[6] Dei andre kunstnarane som var med på prosjektet for å dokumentera livet ved skulen før han stengde var Christian Boltanski, Faisal Abdu'allah og arkitekten Yona Friedman.[7]

I 2010 presenterte Museum of Contemporary Art, Sydney (MCA) den fyrste soloutstillinga til Runa Islam i Australia. Verk ved utstillinga inkluderte Magical Consciousness (2010), som var blitt tinga i fellesskap av MCA og Musée d'art contemporain de Montréal (MACM),[8] og Scale (1/16 Inch = 1 Foot), som viser det no rivne parkeringshuset ved Trinity Square i Gateshead.

Museum of Modern Art heldt ei utstilling av verka til Islam i 2011, Project 95: Runa Islam, med filmar av Islam.[9][10] San Francisco Museum of Modern Art hadde ei soloutstilling av verka hennar frå desember 2016 til april 2017, Runa Islam, Verso.[11][12]

Prisar og nomineringar

[endre | endre wikiteksten]

I 2008 blei Islam nominert til den britiske Turner-prisen for to soloutstillingar i Noreg og utstillinga ved Veneziabiennalen 2007. Dommarar sa om verka hennar at dei «manage to be at once analytical and emotionally-charged, formal and socially relevant.»[13]

  1. Fortnum, Rebecca (2007). Contemporary British Women Artists: In Their Own Words (på engelsk). London: I.B. Tauris. s. 132. ISBN 978-1-84511-224-0. OCLC 693780688. 
  2. Davies, Serena (10 December 2005). «A cable car named desire». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 9. desember 2012. Henta 13. juli 2021. «Islam was born in Dhaka, Bangladesh, moving to London, now her base, when she was three.» 
  3. Herbert, Martin (Januar 2006). «Cinematic affects: the art of Runa Islam». Artforum. Arkivert frå originalen 30. oktober 2023. Henta 13. desember 2023. 
  4. Spanier, Samson (Juli 2005). «Venice Biennale news: several countries are exhibiting at the Biennale for the first time this year, says Samson Spanier. But the important things—champagne and politics—have not changed». Apollo. Arkivert frå originalen 19. november 2007. Henta 13. mai 2008 – via FindArticles. «...but there are some strong works, such as London-based Bangladeshi Runa Islam's film...» 
  5. «Runa Islam - Conditional Probability». Arkivert frå originalen 11. mai 2013. Henta 25. oktober 2010. 
  6. Sooke, Alastair (31. oktober 2006). «In a class of her own». The Telegraph. Arkivert frå originalen 11. juni 2008. Henta 5. august 2021. 
  7. Smithers, Rebecca (11 July 2006). «Gone but not forgotten». The Guardian. Arkivert frå originalen 14. desember 2023. Henta 14. desember 2023. 
  8. «Runa Islam». Henta 5. september 2010. 
  9. Rosenberg, Karen (18 August 2011). «The Magic of Movies, Born From a Single Snapshot». The New York Times. Arkivert frå originalen 14. desember 2023. Henta 13. desember 2023. 
  10. «Projects 95: Runa Islam». Arkivert frå originalen 23. mars 2023. Henta 13 December 2023. 
  11. «Runa Islam: Verso» (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. november 2023. Henta 13 December 2023. 
  12. Akand, Shawon (2018). «Bangladesh». ArtAsiaPacific 13: 85. ISSN 1558-8904. «Two film-based installations by Runa Islam, along with other works, were featured at the San Francisco Museum of Modern Art in "Verso"» 
  13. «Turner Prize: Nominees profiled». BBC News. 13. mai 2008. Arkivert frå originalen 30. juli 2023. Henta 15. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Runa Islam
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.