Rinjani
Rinjani | |||
vulkan | |||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Rinjani 8°25′00″S 116°28′00″E / 8.4166666666667°S 116.46666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Rinjani |
Gunung Rinjani er ein 3 726 meter høg stratovulkan på øya Lombok i Indonesia. Han er den nest høgste vulkanen etter Kerinci, og også det nest høgste fjellet i landet.
Rinjani er ein av vulkanane som høyrer til vulkanbogen Sunda-bogen. Vulkanbogen oppstod gjennom subduksjon av den oseaniske jordskorpa, som høyrer til den australske tektoniske plata. Vulkanane i Sunda-bogen er for størstedelen høgeksplosive. Rinjani ligg ikkje særleg langt frå Tambora, som hadde eit svært kraftig utbrot i 1815.
Gunung Rinjani nasjonalpark vart oppretta i 1997, fjellet er såleis verna. I den 6 x 8,5 km vide kalderaen ligg den 230 meter djupe kratersjøen Segara Anak. Meir enn 20 landsbyar ligg om kring det som innbyggarane ærar for å vere eit heilag fjell.
Dei siste større vulkanutbrota fann stad i mai 2009 og i mai 2010.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ vulkane.net/blogmobil Rinjani Aufruf am 4. Juni 2010 19:04 CEST
- Denne artikkelen bygger på «Rinjani» frå Wikipedia på tysk, den 7. januar 2011.