[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Reginald Pole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reginald Pole

Fødd3. mars 1500
Staffordshire
Død17. november 1558
London
NasjonalitetKongeriket England
Yrkediplomat, katolsk prest, diakon, katolsk biskop
Alma materMagdalen College
Universitetet i Padova

Reginald Pole (3. mars 150017. november 1558) var ein engelsk statsmann og kyrkjemann.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Pole tilhøyrde ein fornem familie som var nært i slekt med Huset York. Mor hans, Margaret Pola, grevinne av Salisbury, var dotter av hertugen av Clarence, ein yngre bror av Edvard IV av England. Henrik VIII fatta interesse for den unge mannen, og lét han studera først i Oxford og sidan i Italia (1521—30) og Paris. Pole unngjekk så lenge som muleg å uttala seg i saka om Henrik sitt skilsmål frå Katarina av Aragón, men hadde likevel fått universitetet i Paris til å uttala seg til fordel for skilsmissa. Då kongen endeleg tvinga han til å gje si eiga meining, gav han i 1536 ut verket De unitate ecclesiæ, med ein skarp kritikk av framferda til kongen. Han braut så med fedrelandet sitt, og oppheldt seg i 20 år i eksil.

Paven gjorde han til kardinal og sende han som legat til Nederlanda. Her arbeidde han ivrig med å reisa det engelske folket til oppstand og få Frankrike og Spania til å gå til åtak på England. Han tenkte at han sjølv kunne bli engelsk konge og ekta kongsdottera Maria. Planane hans mislykkast, og Henrik VIII fekk mora og brørne hans avretta. I nokre år måtte han opphalda seg i italienske Viterbo, der han var i kontakt med Vittoria Colonna og andre som seinare blei rekna som kjettarar. Han blei sjølv tillagt forfattarskapen av eit lutheransk skrift. Det blei sagt at i Roma blei han rekna som ein lutheranar, i Tyskland som ein papist, i Frankrike for tilhengjar av keisaren og i Bruxelles av Frankrikes. Det var på grunn av denne uklare haldninga at han ikkje blei vald til pave i 1549.

I 1554, då den katolske Maria var blitt dronning av England, vende Pole tilbake til heimlandet som paveleg legat. Han verka no som den fortrulege rådgjevaren til dronninga, og ivra for å gjenninnføra katolisismen og få anerkjent overhøgda til paven. I 1556 etterfølgde han Cranmer som erkebiskop av Canterbury. Men fienden hans Caraffa, som i 1556 var blitt vald til pave som Paul IV, avsette han som legat og kalla han tilbake til Roma for å forsvara seg mot skuldingar om kjetteri. Då han døydde i 1558, dagen etter dronning Maria, blei han skåna han for denne audmjukinga.