[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Rakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rakitt

Røntgenbilde av eit to år gammalt barn med rakitt.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:268.2
DiseasesDB9351
eMedicineped/2014
MeSHD012279

Rakitt (av gresk rhakis, «ryggrad») eller engelsk sjuke er ein barnesjukdom som fører til at skjelettet manglar nødvendig styrke, slik at visse knoklar blir deformerte.

Rakitt kan føra til veksthemming, forseinka skjelettutvikling og at ein blir hjulbeint. Bileta viser ei gruppe søsken og er henta frå ei engelsk bok frå 1912

Vanlegaste årsak er D-vitaminmangel, som gjer at kroppen ikkje tek opp nok kalsium til oppbygging av skjelettet. Kalsiummangel kan også føra til rakitt. Det finst også ei arveleg form for rakitt. Sjukdommen kan vidare utvikla seg som ei følgje av visse leversjukdommar.

Barn som ikkje får nok D-vitamin som følgje av mangel på sollys, eller for lite D-vitamin i kosten (feit fisk, berika mjølk og margarin), kan utvikla rakitt.

Rakitt var utbreidd i Noreg og andre vestlege land i tidlegare tider. I norske målføre blei sjukdommen kalla svekk. Ordet har samanheng med «svik», sidan ein trudde at sjukdommen kom av at vonde makter fekk makt over barnet før dåpen. Sjukdommen har også vore kjend som «engelsk sjuke». I industribyar i England var himmelen så formørka av kolstøv på 1800-talet at dette blokkerte for sollys, samtidig som folk var innesperra på arbeidsplassen sin det meste av dagen. Sjølv dyra i London zoo utvikla rakitt som ei følgje av kolfyringa.[1] I dag finst sjukdommen framleis i ein del u-land, særleg i område der eit kosthald med lite grønsaker, nøtter og frø fører til kalsiummangel.

Ein variant av sjukdommen, osteomalasi, finst hos vaksne, og kjem ei manglande evne av hos beincellene til å oppta kalsium. I sjeldne tilfelle kan kalsium- eller fosformangel føra til rakitt hos vaksne.

Rakitt fører til skjelettsmerter, forseinka vekst, tannproblem, muskelsvinn, spasmar og auka risiko for beinbrot. Manglande styrke i skjelettet gjer at særleg lårbeina blir deformerte av kroppsvekta, slik at den sjuke blir unormalt hjulbeint. Ein kan også få deformasjon av brystkasse og kranium.

  • Osteomalasi, skjelettsjukdom hjå vaksne på grunn av for lite kalsiumsaltar i knoklane
  1. Johan Moan: «Hvor farlig er sola?» P2-akademiet bind XXVII (s. 33), forlaget Transit, Oslo 2003, ISBN 82-7596-150-5