Rahul Gandhi
Rahul Gandhi | |||
| |||
Fødd | 19. juni 1970 (54 år) Delhi | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | India | ||
Parti | Kongresspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Rollins College Trinity College i Cambridge Harvard University Delhi-universitetet | ||
Mor | Sonia Gandhi | ||
Far | Rajiv Gandhi | ||
Alle verv | |||
Signatur |
Rahul Gandhi (fødd 19. juni 1970) er en indisk politikar for Kongresspartiet.
Rahul Gandhi er fødd i Delhi som son av Rajiv Gandhi og Sonia Gandhi. Han er fjerde generasjon i det indiske Nehru-Gandhi-dynastiet.[1]
Rahul Gandhi studerte økonomi i Storbritannia og har mastergrad i utviklingsøkonomi frå Trinity College i Cambridge.[2] Etter å ha arbeidd ei tid i London, vende han tilbake til India i 2002.
Gandhi engasjerte seg i politikken for Kongresspartiet i 2004. Han blei innvald til Lok Sabha frå valkrinsen Amethi i Uttar Pradesh, som tradisjonelt har vore representert av medlemmer frå hans familie.[1] I 2009 vann han gjenval.[2]
Rahul Gandhi blei vald til generalsekretær i Kongresspartiet i 2007, og i januar 2013 blei han nestleiar i partiet der mora er leiar. Ved valet i India i 2014 fekk han ansvar for valkampen til partiet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Indians vote on key election day», BBC News, 3. april 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Fifteenth Lok Sabha. Members Bioprofile. Gandhi, Shri Rahul» Arkivert 2014-04-21 ved Wayback Machine., Lok Sabha.
- Denne artikkelen bygger på «Rahul Gandhi» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2014.