Ragnhild Michelsen
Utsjånad
Ragnhild Michelsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. juni 1911 Narvik |
Død |
30. september 2000 (89 år) |
Yrke | skodespelar, filmskodespelar |
Ektefelle | Henrik Anker Steen |
Ragnhild Michelsen på Commons |
Ragnhild Michelsen (23. juni 1911–30. september 2000) var ein norsk skodespelar, fødd i Narvik.
Michelsen debuterte på Søilen Teater i Oslo i 1935. Ho var tilsett 1935-40 ved Carl Johan Teatret i Oslo og 1940-47 ved Den Nationale Scene i Bergen. Sidan arbeidde ho ved ulike teater i Oslo; Det Norske Teatret 1947–52, Folketeatret 1952–59, Oslo Nye Teater 1959–61 og Fjernsynsteatret 1961–81.
Michelsen vert mellom anna hugsa for roller i stykke av Arnold Wesker og Oskar Braaten, men kanskje særleg som madam Torvestad i Skipper Worse av Alexander Kielland. Alle desse rollene gjorde ho i Fjernsynsteatret sin regi.