[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Raytheon Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raytheon Company


BransjeLuft- og romfartsindustri
Skipa7. juli 1922
Eigenandel iHughes Aircraft Company
LandUSA[1]
ProduktMIM-104 Patriot
Grunnleggjar(ar)Vannevar Bush
Dagleg leiarWilliam H. Swanson
Resultat3 342 000 000 USA-dollar (2019)[2]
Marknadsverdi42 080 000 000 USA-dollar (2016)

Raytheon Company var eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda var utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon var den største produsenten i verda av styrte missil.[3] I april 2020 slo selskapet seg saman med United Technologies Corporation til Raytheon Technologies.[4]

Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Namnet Raytheon Companyvart teke i bruk i 1959. Selskapet hadde rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[5]

Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[6] Det hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før det flytta til Lexington.

Raytheon-missil på messe

Kjende missil frå selskapet:

  • AGM-65 Maverick
  • AGM-88 HARM
  • AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile)
  • AGM-154 Joint Standoff Weapon
  • AIM-7 Sparrow
  • AIM-9 Sidewinder
  • AIM-120 AMRAAM
  • BGM-109 Tomahawk
  • MIM-23 Hawk
  • MIM-104 Patriot
  • RIM-7 Sea Sparrow
  • RIM-162 ESSM