Rosévin
Rosévin (av fransk rosé, 'lyseraud, rosa') er ein lyseraud, lett vintype som kan lagast på ulike måtar. Rosévin er typisk laga av raude vindruer, men også av grøne (kvitvinsdruer) eller blåe (raudvinsdruer). Han kan vera søtleg eller tørr på smak, blir som regel servert kald og blir drukken ung.
Roséliknande vinar kan ha vore blant dei tidlegaste vinane som blei laga ettersom tidleg vinlaging involverte kort maserasjonstid og lettare pressing enn ved moderne raudvinsproduksjon.[1] I dag blir rosévin laga over heile verda.[2][3]
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Rosévin kan lagast gjennom kort maserasjon mellom saft og drueskal, typisk i 1-3 dagar.[4] Mosten blir deretter pressa og sett til gjæring medan skala blir fjerna. Jo lenger safta er i kontakt med skala, jo djupare blir vinfargen.[5] Ein annan type svært lys rosévin, kjend som vin gris (grå vin) blir laga ved å pressa raude druer rett etter innhausting, utan maserasjon.
Ein kan også laga rosévin som eit biprodukt av raudvin der ein skil ut ein del av mosten på eit tidleg tidspunkt, ein teknikk kjend som saignée (fransk for 'årelating'). Dette forsterkar raudvinen som blir att, medan den fråskilde rosa safta kan gjærast til ein mildare rosé.[6]
Ein mindre vanleg måte å laga rosévin på er å behandla raudvin med absorberande kol som aktivt kol. Slike stoff trekk til seg fargestoff, men også andre stoff i vinen. Å blanda kvit- og raudvin er ikkje ein akseptert måte å laga rosévin på, bortsett frå ved produksjon av musserande rosévin.
Drikking
[endre | endre wikiteksten]Rosévin har ein frisk, mild smak som gjer at han gjerne blir drukken om sommaren. Ein serverer gjerne vinen nedkjølt, typisk ved 8–12 °C.
Rosévin passar ikkje til å lagra i meir enn om lag 12 månader, og held seg også berre kort tid etter å ha blitt opna.[7]
Typar
[endre | endre wikiteksten]Det finst ei rekkje ulike typar rosévin. Den søtlege franske Rosé d'Anjou og dei tørre Tavel Rosé og Rosé de Provence er særleg kjende. Også dei svakt perlande portugisiske rosévinane (kjend som rosado på portugisisk og spansk) er omtykte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Rosé» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ H. Johnson Vintage: The Story of Wine pp 10-31, 35-46, 59-63, 147, 210–219 Simon and Schuster 1989 ISBN 0-671-68702-6
- ↑ J. Robinson (ed) The Oxford Companion to Wine Third Edition pg 593 Oxford University Press 2006 ISBN 0-19-860990-6
- ↑ O. Clarke Oz Clarke's Encyclopedia of Wine pgs 15, 225, 320, 360 Time Warner Books, London 2003 ISBN 0-316-72654-0
- ↑ Lichine, Alexis (1967). Alexis Lichine's Encyclopedia of Wines and Spirits. London: Cassell & Company Ltd.
- ↑ R. Jackson Wine Science: Principles and Applications Third Edition pgs 9, 214, 289-300, 333-339, 447, 548, 642 Academic Press 2008 ISBN 9780123736468
- ↑ Lourens, Karen. «Focus on Rosé». Anchor Yeast.
- ↑ Tone Ruud Engen, «Så lenge holder vinen når den er åpnet», KK.no
- Rosévin (16. mars 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel hen
- Anders Röttorp, «Rosé, Rosé, Rosé», vinbanken.seta 24. juni 2014.
- Thor Richard Teien, Vin: drikk (16. mars 2012), Store norske leksikon.