[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Roberto Rosato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roberto Rosato
Personleg informasjon
Fullt namn Roberto Rosato
Fødd 18. august 1943
Fødestad Chieri i Kongedømet Italia
Død 20. juni 2010 (66 år)
Dødsstad Chieri i Italia
Høgd 176 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1960–1966 Torino 131 (4)
1966–1973 Milan 187 (5)
1973–1977 Genoa 84 (1)
1977–1979 Aosta 48 (1)
Totalt 450 (11)
Landslag
1965–1972 Italia 37 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Roberto Rosato (18. august 194320. juni 2010) var ein italiensk fotballspelar frå Chieri i Piemonte. Han spelte på AC Milan i perioden 1966-73 og vann sju store triumfar med den milanesiske storklubben, både Europacupen, Cupvinnarcupen (to gongar), Serie A og tre nasjonale cupmeisterskap. Midtstopparen Rosato vart europameister med Italia i 1968 og fekk VM-sølv i 1970. Mellom 1965 og -72 opptredde han 37 gongar i den mørkeblå landstrøya til Italia.

Rosato debuterte i 1961 for Serie A-klubben AC Torino. Klubben spelte cupfinale både i 1963 og 1964, men begge gongane enda det med tap. I 1966 gjekk han over til AC Milan, der han gjennom sju sesongar var med å vinne sju meistertitlar. Han fekk cupgull i sin fyrste sesong, sesongen etter vart det siger i både Cupvinnarcupen og i den italienske serien. Største triumfen med Milan opplevde han då Milan slo Ajax med 4-1 i Europacupfinalen 1969. Seinare vart han cupmeister i 1972, medan han i sin siste sesong med klubben vann Cupvinnarcupen for andre gong og sitt tredje nasjonale cupgull. Frå 1973 til -77 spelte Rosato for Genoa CFC i både Serie A og Serie B. Han la opp som fotballspelar i 1979.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Rosato fekk sin debut for Italia i mars 1965 i ein vennskapskamp mot Vest-Tyskland i Hamburg. Han var fast på på landslaget til VM 1966 i England, men fekk få kampar i tida fram til neste verdsmeisterskap. I 1968 var han ein av dei som kom inn på laget før Italia spelte den andre finalekampen i EM i fotball 1968, der det vart siger med 2-0 over Jugoslavia. Under VM i 1970 spelte han alle kampane, også då Italia spelte finale mot Brasil og tapte 1-4. Fram til hausten 1972, då han spelte sin siste landskamp, var han så godt som fast for Italia. Han skåra aldri landslagsmål.

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1969 med Milan
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1968 og 1973 med Milan
  • Italiensk seriemeister 1968 med Milan
  • Italiensk cupmeister 1967, 1972 og 1973 med Milan