Paul Grice
Paul Grice | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 13. mars 1913 Birmingham |
Død |
28. august 1988 (75 år) |
Yrke | filosof, universitetslærar, lingvist |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Herbert Paul Grice (13. mars 1913–28. august 1988), som òg er kjend under forfattarnamna H. P. Grice, H. Paul Grice eller Paul Grice, var ein britisk språkforskar og språkteoretikar som i dei to siste tiåra av karrieren sin hadde tilhald i USA. Han vart fødd i Birmingham i England og døydde i Berkeley i USA. Utdanninga tok han hjå University of Oxford i Oxford i England, og hadde arbeidet sitt der fram til 1967, då han flytta til University of California i Berkeley. Arbeida hans om kva som ligg i omgrepa meining og kommunikasjon har vore viktig innanfor semantisk forsking.
Paul Grice er kjend for å ha formulert dei to omgrepa konvensjonell implikatur og konversasjonell implikatur (implikatur tyder den underliggjande eller underforståtte meininga i ei ytring), der han mellom anna introduserer sine fire maksimar for forståing. Konvensjonell implikatur er uavhengig av konteksten, det vil seie at meininga ligg i språket. Men når det gjeld konversasjonell implikatur, er konteksten heilt avgjerande for korleis bodskapen vert forstått. I dette høve gjelde det eit samarbeidsprinsipp mellom avsendar og mottakar av bodskapen, ettersom mottakaren må freiste å forstå kva avsendaren seier. Dei fire maksimane, som altså berre har med konversasjonell implikatur å gjere, går difor ut på:
- Kvantitet: Gje så presise informasjonar som du kan, og sei korkje for lite eller for mykje.
- Kvalitet: Sei sanninga, og gje ikkje vidare informasjon som du ikkje kan prove er sann.
- Relasjon: Gje så relevant informasjon som mogleg.
- Måten: Unngå uklare og tvitydige ytringar, og gje så stutte og velordna meldingar som mogleg.
Publikasjonar av Herbert Paul Grice
[endre | endre wikiteksten]Arbeida til Herbert Paul Grice er samla i boka: Studies in the Way of Words, Harvard University Press 1989, ISBN 0-674-85271-0
- 1957. Meaning, The Philosophical Review 66: 377-88.
- 1969. Utterer's Meaning and Intention, The Philosophical Review 78: 147-77.
- 1975. Logic and conversation. In Cole, P. and Morgan, J. (eds.) Syntax and semantics, vol 3. New York: Academic Press.
- 1991. The Conception of Value. Oxford University Press. 1979, John Locke Lectures.
- 2001. Aspects of Reason (Richard Warner, ed.) Oxford University Press.