Steinhatchee
Steinhatchee | |||
busetnad | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 8,562184 km² | ||
Folketal | 1 049 (1. april 2020)[1] | ||
Steinhatchee 29°40′16″N 83°23′15″W / 29.671111111111°N 83.3875°W |
Steinhatchee (/ˈstiːnhætʃi/ i STEEN-hatch-ee) er ein busetnad ved kysten av Mexicogolfen i den sørlege delen av Taylor County i Florida i USA. Steinhatchee ligg 38 mile (61 km) sør for fylkeshovudstaden Perry. Steinhatchee-elva renn forbi busetnaden og ut i Mexicogolfen. På andre sida av Steinhatchee-elva ligg busetnaden Jena, som er i Dixie County. Steinhatchee ligg 19,27 mile nord for byen Cross City. Han ligg kring 7 fot over havnivået.
Frå byrjinga av 1800-talet spelte Steinhatchee ei viktig rolle i skogbruket, særleg i hogst av sedertre som blei brukte til å laga pennar, og innan fiske av fisk, krabbe og skjel.
Orkanen Idalia råka busetnaden med rundt 600 innbyggjarar den 30. august 2023 med ei stormflod på 6 fot og vind på 80 mph som eskalerte kvar time.[2]
5. august 2024, rundt klokka 7.00 lokal tid (EDT), kom orkanen Debby til land nær Steinhatchee med maksimale vindar som blei rekna til 80 mph.[3][4]
Ved folketeljinga i USA i 2020 var det 1049 personar, 327 hushald og 214 familiar som budde i Steinhatchee.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ Elena Barrera. (31. august 2023). "'Gone in a flash': Steinhatchee residents cope after Idalia devastates Big Bend towns". Tallahassee Democrat website Vitja 4. september 2023.
- ↑ Tucker, Rachel (5. august 2024). «LIVE UPDATES: Tropical Storm Debby makes landfall near Steinhatchee, Florida». WFLA. Henta 5. august 2024.
- ↑ Pasch, Richard; D. Zelinsky. «Hurricane Debby Update Statement». Arkivert frå originalen 5. august 2024. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Explore Census Data». census.gov. Henta 8. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Steinhatchee, Florida» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2024.