[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Stay with Me av Lorraine Ellison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stay with Me
av Lorraine Ellison
B-side

«I Got My Baby Back»

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1966
Innspelt 1966
Sjanger Soul
Lengd 3:29
Selskap Warner 5850
Komponist Jerry Ragovoy, George David Weiss
Tekstforfattar Jerry Ragovoy, George David Weiss
Låtskrivar(ar) Jerry Ragovoy / George David Weiss
Produsent Jerry Ragovoy

«Stay with Me» (ofte kalla «Stay with Me Baby») er ein song skriven av Jerry Ragovoy og George David Weiss.[1] Han vart først spelt inn i 1966 av Lorraine Ellison,[2] og produsert av Ragovoy.

Ellison spelte inn «Stay With Me» i full fart etter at studioet vart ledig då Frank Sinatra kansellerte studiotida si der.[3] Warner Bros. Records hadde alt hyra inn eit 46 mann stort orkester og bad Ragovoy, med berre to dagars varsel, om å ta over studiotida utan kostnadar. Ragovoy og arrangøren Garry Sherman arbeidde på orkesterarrangementet av songen, og kalla Ellison til studioet for å spele inn songen i lag med orkesteret. Innspelinga vart styrt av lydteknikaren Phil Ramone.[4][5]

«Stay With Me» vart gjeven ut som singel av Warner og gjekk inn i USA på Billboard R&B-lista den 15. oktober 1966 og nådde 11. plassen. På Billboard Hot 100 nådde singelen 64. plassen. Oppfølgjaren hennar, «Heart Be Still», vart ein liten hit i 1967.[6]

Songen har vore med på mange samlealbum gjennom åra.[7]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

«Stay With Me» har blitt spelt inn av mange artistar, som Bette Midler i filmen The Rose. Andre versjonar er gjort av The Walker Brothers, David Essex, Ruby Turner, Rebecca Wheatley, Genya Ravan, Terry Reid, Long John Baldry, Sharon Tandy og Les Fleur de Lys, Natalie Cole, Jimmy Witherspoon, Kiki Dee, Shirley Brown, Sam Brown, Trine Rein,[8] Whitesnake, Ronnie Montrose og Duffy. Duffy-versjonen vart gjeven ut på filmmusikkalbumet til den britiske komedien The Boat That Rocked i 2009, sjølv om det var originalversjonen som vart nytta i filmen. Dei fire første nemnde artistar fekk alle sine versjonar inn på UK Singles Chart.[9] Han vart framført av Karise Eden den 17. juni i 2012 i finalen av The Voice Australia og versjonen hennar nådde toppen av ARIA Singles Chart.

  1. Allmusic.com - Song overview
  2. Joel Whitburn, Billboard Top Pop Singles 1955-2002, 2003, ISBN 0-89820-155-1
  3. Songfacts.com
  4. Lorraine Ellison at Soul Express Radio, arkivert frå originalen 28. juli 2011, henta 30. september 2013 
  5. Sleeve notes of Ellison compilation Arkivert 2013-10-23 ved Wayback Machine., by Al Kooper]
  6. Allmusic.com - Charts & Awards
  7. Allmusic.com - Album review
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. oktober 2013, henta 30. september 2013 
  9. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 697. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]