Sjeselong
Utsjånad
Sjeselong (frå fransk chaise, 'stol' og longue, 'lang') er ein slags sofa utan ryggstø, men med eitt eller to armlene. Han er ofte opphøgd i ein ende.
Møbelet var i bruk på tida til Ludvig XIV av Frankrike, og blei utbreidd i rokokkotida. Dei tidlegaste typane hadde form som ein taburett mellom to lenestolar. Seinare blei dei tre delane festa saman til eit enkeltmøbel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Sjeselong». Store norske leksikon. 15. september 2017.