Siri Lill Mannes
Siri Lill Mannes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juni 1970 (54 år) Vedavågen |
Yrke | journalist, programleiar, forfattar, nyhetsanker |
Sjanger | kriminallitteratur |
Siri Lill Mannes på Commons |
Siri Lill Mannes (fødd 29. juni 1970 i Vedavågen i Noreg) er ein norsk journalist og nyhetsanker som arbeidde i TV 2 frå 1992 til 2010.
Mannes hadde røynsle frå lokalmedier, blant anna frå lokalradioen Radio102, før ho kom til TV 2 i 1992. I 1995 byrja ho med å ankre morgennyhetene, og frå 1999 var ho nyhetsanker på kveldssendingene. Ho sa opp stillinga si i kanalen våren 2010 og leda sin siste nyhetssending fredag 25. juni. Hun begrunnet oppsigelsen med at ho følte det var tid for å prøve noko nytt.
Ho har gjennomført Forsvaret sitt russiskkurs ved FSES og snakkar flytande russisk. Ho tok seinare hovedfag i historie ved Universitetet i Bergen. Ho har òg studert statsvitskap i USA.
Mannes vart tildelt Kringkastingsprisen for 2000.
Ho har skrive boka Livvakt i helvete – Aleksandr og krigen i Tsjetsjenia (ISBN 9788248906018, Kagge forlag, 2003), og i mai 2010 utgav ho kriminalromanen 66 grader nord.