Savitribai Phule
Savitribai Phule | |
Statsborgarskap | Britisk India |
Fødd | 3. januar 1831 Naigaon |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent |
Språk | marathi |
Ektefelle | Jyotirao Phule |
Savitribai Phule på Commons |
Savitribai Jyotirao Phule (3. januar 1831–10. mars 1897) var ein indisk samfunnsreformator og diktar. Saman med ektemannen Jyotirao Phule spelte ho ei viktig rolle i å betra kåra til kvinner i Britisk India.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Savitribai Phule var fødd i 1831 i Naigaon i Maharashtra. Familien hennar var velståande bønder.[2] Faren var patil, eller landsbyoverhovud.
I 1840, då Savitribai var ni, blei ho gift med den tolv år gamle Jyotirao Phule. Barneekteskap var vanlege i India på denne tida.[3] Paret fekk ingen barn saman, men adopterte seinare Yashavantrao, sonen til ei brahminarenkje.[4]
Virke
[endre | endre wikiteksten]I 1848 skipa Savitribai og Jyotirao Phule ein jenteskule i Pune, etter at han først hadde lært henne å lesa. Savitribai var den første læraren ved skulen.[5] Utdanninga av kvinner og lågkastefolk møtte mykje motstand i lokalsamfunnet, og paret blei drive ut frå familieheimen. Dei fekk ly og støtte av Usman Sheikh og systera hans Fatima Sheikh.[6]
Paret skipa også ein heim for einslege gravide kvinner, anten enkjer eller offer for seksuell utnytting. Balhatya Pratibandhak Griha tok vare på barna deira for å hindra at dei blei drepne etter fødselen.[3] Fleire av desse barna døydde som unge, men ein av dei, Yashavantrao, blei adoptert av paret og fortsette arbeidet deira.[4]
Død
[endre | endre wikiteksten]I 1897 kom den tredje pestpandemien til området. Savitribai og Yashavantrao opna ein klinikk for å pleia byllepestoffer i Sasane Mala i Hadapsar, nær Pune, men utanfor byen. Savitribai tok sjølv med pasientar til klinikken. Ho blei smitta, og døydde av sjukdommen 10. mars 1897.[2]
Dikting
[endre | endre wikiteksten]Savitribai Phule skreiv fleire dikt mot diskriminering og for utdanning.[7][8] Dei er blitt gjevne ut posthumt i to diktsamlingar - Kavya Phule (1934) og Bavan Kashi Subodh Ratnakar (1982).
Minne
[endre | endre wikiteksten]- Pune City Corporation reiste ei minnestøtte for henne i 1983.
- 10. mars 1998 gav India Post ut eit frimerke til ære for Phule.
- Universitetet i Pune fekk namnet Savitribai Phule Pune University i 2015.[9]
- 3. januar 2017 blei fødselsdagen hennar markert av Google med ein Google-doodle.[10][11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mariam Dhawale. «AIDWA Observes Savitribai Phule Birth Anniversary». Henta 3 March 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Wayne, Tiffany K., red. (2011). Feminist Writings from Ancient Times to the Modern World: A Global Sourcebook and History. ABC-CLIO. s. 243. ISBN 978-0-31334-581-4.
- ↑ 3,0 3,1 «Who is Savitribai Phule? What did she do for womens rights in India?». Henta 7. mai 2017.
- ↑ 4,0 4,1 O'Hanlon, Rosalind (2002). Caste, Conflict and Ideology: Mahatma Jotirao Phule and Low Caste Protest in Nineteenth-Century Western India (Revised utg.). Cambridge University Press. s. 135. ISBN 978-0-52152-308-0.
- ↑ O'Hanlon, Rosalind (2002). Caste, Conflict and Ideology: Mahatma Jotirao Phule and Low Caste Protest in Nineteenth-Century Western India (Revised utg.). Cambridge University Press. s. 118. ISBN 978-0-52152-308-0.
- ↑ Mohan, Siddhant. «Remembering Fatima Sheikh, the first Muslim teacher who laid the foundation of Dalit-Muslim unity». Two Circles. Henta 19 May 2017.
- ↑ Few Poems by Savitribai Phule http://drambedkarbooks.com/2015/01/03/few-poems-by-savitribai-phule/
- ↑ A Forgotten Liberator – The Life And Struggle of Savitribai Phule, Mountain Peak Publishers, New Delhi ISBN 978-81-906277-0-2
- ↑ Kothari, Vishwas (8 July 2014). «Pune university to be renamed after Savitribai Phule». Times of India. Henta 10 July 2014.
- ↑ «Google doodle pays tribute to social reformer Savitribai Phule». The Hindu. 3 January 2017. Henta 3 January 2017.
- ↑ «Savitribai Phule, Google Doodle Tribute To Social Reformer». NDTV.com. 3 January 2017. Henta 3 January 2017.
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- A Forgotten Liberator – The Life And Struggle of Savitribai Phule, Mountain Peak Publishers, New Delhi ISBN 978-81-906277-0-2
- Rao, Parimala V. (2002). «Educating Women - How and How Much: Women in the Context of Tilak's Swaraj». I Bhattacharya, Sabyasachi. Education and the Disprivileged: Nineteenth and Twentieth Century India. Orient Blackswan. ISBN 978-8-12502-192-6.